torsdag 11. mars 2010

Rumpespark de movi

Det var ein vis mann som ein gong sa "I kick ass for the lord!". Desse ord har eg tatt til meg, og i mi rolle som mulla sparkar eg ofte rumpe for herren, sjølvsagt. Det finnes andre grunner til at ein gjerne vil sparke rumpe, enn berre religiøs iver, ein kan til dømes vere frykteleg engasjert i ting som rettvise og denslags. Noko som gjerne førar til livlege fråspark og ein viss dose denging. Det var dette eg kom til å tenkje på, då eg idag vart presentert for traileren til Kick-Ass the Movie.

Filmen ser ut til å vere relativt godt krydra med stjerner, både med og utan variable andletsuttrykk (men helst utan), og mykje spandex. Og spandex er jo alltid bra.

Eg antar eg bør lese teikneserien òg no?

9 kommentarer:

  1. Næ. Men McLovin' speler skurken, så filmen blir nok artig nok. For øvrig var det presten i Braindead (Dead Alive!) som sa "I kick ass for the Lord!". Om han var så frykteleg vis får vere opp til deg å døme. Eller meinte du manusforfattar Peter Jackson?

    SvarSlett
  2. Det var presten, ja, men det hadde ikkje noko å seie for dette innleggjet. Alt til si tid Bjørn ;-)

    Peter Jackson er alt anna enn vis. Han er ei blemme på filmhistoria.

    SvarSlett
  3. Den Interdimensjonale Erkedruide, Kaptein Sinnsfrisk14. mars 2010 kl. 21:52

    "With no power comes no responsibility" er faktisk fangefrasen frå Clerks 2 òg.

    Peter Jackson er då ikkje noko blemme? Mannen er jo ein mester på å å reklamere for spesialeffektfirmaet sitt! Eg ser sjølv pre-LOTR-filmane hans med stort utbytte på morofronten. CG-forsøka som etter kvart dukka opp har jo og ei viss latterverdi.

    SvarSlett
  4. Filmane før Bored of the Rings, Helicopter Edition, er gode saker. Hadde berre nokon lagt mannen under administrasjon hadde alt gått bra.

    SvarSlett
  5. Den dagen eg gjev opp flisespikkeri er det målføringa di som får gjennomgå. I Rocky Horror-innlegget er det heile stavingar som manglar, ganske pussig. Orsak, det var flisespikkeri eg skulle konsentrere meg om. Ahem.

    Og blemme på filmhistoria, tja, det meiner vel berre dei som lot seg narre av Forgotten Silver... Han gjorde sitt for å få Michael J. Fox fram frå gløymsla att, og det må vel seiast å vere positivt? Innrøm det; The Frighteners rocka.

    SvarSlett
  6. Som eg har påpeikt ofte nok, så er problemet at Peter Jackson har for mykje pengar. Han var betre då han knapt hadde råd til å lage film.

    Gje mannen ein produsent. Eg likte Frighteners eg.

    Når det gjeld RH-innlegget så er maskina ekstra kokko idag. Tru meg. Kommentarar er vanskeleg nok å skrive.

    SvarSlett
  7. For å "coin a phrase" som det heiter; computers don't kill language. People kill language. Skru av retteprogrammet og skriv skikkeleg. Ikkje kom med noko vås om at du ikkje har tid. Om du ikkje har tid til å skriva skikkeleg norsk får du skriva ferre innlegg og prioritera språket i dei du skriv. Det står så dårleg til med norsk rettskriving om dagen at dei få som brukar nynorsk bør gjera det dei kan for å sørga for at i alle fall nynorsken vert presentert på ein skapeleg måte. Merkeleg at folk for 50 år sidan skreiv betre norsk enn folk i dag; neppe færre tyskelektrikarar den gongen, så eit eller anna er gale.

    SvarSlett
  8. Sa eg at retteprogrammet var eit problem? Eit laupsk tastatur er problemet. Overfølsomme laptoppen sender skrivemarkøren over heile skjermen medan eg skriv.

    SvarSlett
  9. Absolutt eit problem eg kan relatere til. Det burde forklare manglande stavingar, ja.

    SvarSlett