tysdag 2. mars 2010

Skrukkvask

Alle snakkar om den nye serien til Harald Eia der han slår eit slag på vegne av evolusjonspsykologien, i den lenge avdøde strida om arv eller miljø. Han har soleis klart det mirakuløse i å piske liv i ein død hest, og dette kan jo ha visse religiøse implikasjonar om ikkje tv-serien lukkast. Første programmet gjekk igår, og handla om kjønsforskjeller - er dei berre kulturelle, slik vi lærar rundtomkring i Noreg, eller er dei biologiske slik Harald Eia hevder. Her får kjønsforskarane gjennomgå så det ljomar, og hadde eg ikkje visst kor lett det er å klippe nokon til å virke som talt tufs om ein ville hadde eg nok slukt dette lettare. Realiteten er diverre at det er fleire metodiske problem ved Eia sin framgangsmåte, og ved studiane som han vel å sette si lit til. Dette vert det blogga og skrive iherdig om over heile verdsveven akkurat no, så eg tenkjer eg simpelthen held kjeft om akkurat dette. Eg trur korkje på arv eller miljø, eg trur på arv OG miljø.

For all del, programmet var langtifrå så ille som eg hadde frykta på førehand. Det var faktisk relativt underhaldande. No meiner eg likevel han gjorde det lett for seg sjølv ved å velje å hakke på kjønsforskarar i første programmet, for å demonstrere kor fjerne frå røynda samfunns- og kulturvitarar opererar. For du skal pinadø leite lenge etter eit forskingsmiljø som har forsvunne lengre enn i rekkjene av dogmatisk sludder enn desse. Eg skulle gjerne tatt dei i forsvar ved å seie at Eia ikkje forstår kva dei faktisk er ekspertar på, at sosialkonstruksjonistiske studiar ikkje handlar om det same som biologiske studiar (eller statistikk som er det han nytta i den første episoden)... men eg fryktar diverre at den jamne kjønsforskar sjølv ikkje har fått med seg den forskjellen. I kjerna av kjønsforskinga ligg ein dogmatisk feministisk ideologi som ingen skal rocke ved, om at kjøn ikkje er biologisk og at vår seksuelle identitet er forma av miljø, og ikkje arv. Kjønsforskinga er i mi erfaring slik bygd opp at konklusjonane er forutbestemte

Det magiske lille konseptet dei har gløymd er at dei som sosialkonstruksjonistar (og litteraturvitarar for den saks skuld) ikkje studerar ein fysisk realitet, men korleis realitetane oppfattast og omtalast. Det er her konstruksjonsbiten ligg. Korleis vi konstruerar vår røynd rundt dei fysiske (gjerne biologiske) realitetane. Dette er kulturbiten som Eia prøver å komme til livs, men som han kjem til å feile totalt på, fordi han som kjønsforskarane jobbar utifrå den forståing at det som vert omtalt er eit "fysisk" univers, og ikkje vår oppleving og erfaring av dette universet, vår kulturelle fortolking av den.

Var det meir forståeleg? Nei, eg trudde ikkje det heller. Difor eg slutta å skrive slike artiklar for nokre år sidan. La oss heller sjå ein sex video med Weird Al Yankovic:


Heite saker. No skal eg leggje meg. Som alltid med ein ladd revolver under puta, i tilfelle agentane frå Senter for Kvinne- og kjønnsstudier kjem for å ta meg eller mine edlare delar.

12 kommentarer:

  1. Dette var jo keisamt. Me er jo enige.

    SvarSlett
  2. Kjønn er så forrige årtusen. I fremtiden kommer vi til å skifte kjønn fram og tilbake flere ganger i året. Kjønnsforskning vil være et historisk fag. Dermed basta!

    Ehhmmm... På den andre siden glemte jeg å se på Hjernevask, dask, og... uhhmm... jo... ja... Kommer det reprise? Burde jeg se?

    Fortell, fortell meg, oh store Mullah, fortell meg TVprogrammet.

    SvarSlett
  3. Avil: Ja, anten er vi beggje fanga av ei klam hand av konsensus, eller så har du for ein gongs skuld rett og er einig med mullaen ;-)

    Prometheus: Ja, det er det.

    DUHH: Lest mykje Iain Banks i det siste, gamle ørn? Sjå programmet du. Det ligg ute på NRK sine nettsider.

    SvarSlett
  4. Presisering: Harald vil visst helst forklara vha. både nature og nurture han òg. Sjøl om det tydelegvis gjer han forutinntatt, som han sa til Dagbladet.

    SvarSlett
  5. Særskriving! Kristian, då..!

    SvarSlett
  6. Holten: Han seier han vil det, men eg kjøper det ikkje!

    SvarSlett
  7. Syntes det programmet var herlig stereotypt, ikkje verst for ein skrukking som Eia (høhø)

    - kake

    SvarSlett
  8. Jeg avviser på det sterkeste at jeg leser, eller noensinne har lest, bøker.

    Tekst er for pyser.

    Og av en eller annen grunn så pleier ikke NRK på nett å funke på noen som helst maskin jeg er nær. Merkvurdichen.

    En konspirasjon sier nå jeg.

    SvarSlett
  9. Stereotypt er vel berre byrjinga på setninga?

    Eg har sett deg lese DUHH!

    SvarSlett
  10. "Vi" konstruerer da ingen ting som helst? Jeg trodde det var de små memene som flyr rundt om natten for å kolonisere hjernene våre som gjorde det...eller blander jeg dem med de små nissene nå?

    SvarSlett
  11. Nissane konstruerte deg i sitt bilete, Snirkelsnorkel ;-D

    SvarSlett