Er du ein av dei som enno ikkje har sendt inn ditt bidrag til lyrikk-konkurransen? Frykt ikkje, du har framleis nesten ei heil veke på deg til søndag den 21. mars. Vi har fått inn ein handfull bidrag, men vil veldig gjerne ha fleire. Så send inn din lyriske hyllest av mullaen din, skriv kva han tydar for deg, kven han er i ditt liv, og send det til hastur@start.no. Premien er som kjend dette vakre biletet av Tinitronic, i A3 storleik klar til å verte hengt på veggen din. Gjerne i nærleiken av ein alterliknande konstruksjon:
Fleire har undra seg i kva form dei bør satse på å sende inn sine hyllester. Til det er det ikkje så mykje å seie, for alt går. Frå hymner til haiku, frå nedrige naudrim til bombastiske bokstavrim, vi har godtatt det meste så langt. Så kva ventar du på? Spre ordet! Og hugs å delta sjølv!
Frista er 21. mars! Og hugs du kan sende fleire bidrag om du kjem i eit raptus!

Mitt lille bidrag publiseres på Bassington-Bassington-krønikene onsdag morgen.
SvarSlettJeg har allerede sendt over bidrag pr mail.
SvarSlettI kvalifiseringsgruppa vant følgende forslag (fra gruppe 3):
SvarSlettOh Store Mullah
Hall'ala'lulla
Mullah i skjegget
Hodet som egget
Mektig i orda
Pondus på jorda
Oh Ærerike
må aldri vike
for kinabjørner
og folk som tørner.
Knel for vår Mullah!
Hall'ala'lullah!
Lord Bassington-Bassington: Moskeen gledar seg stort
SvarSlettSnirkelsnorkel: Ja, vi mottok ditt spenstige bidrag.
Svein: Vidunderleg. Vil du vere så vennleg å sende det til hastur@start.no, så får redaksjonen det.