tysdag 23. mars 2010

"Wiedźmin" er på veg attende

Den polske dataspelprodusenten CD Projekt debuterte med The Witcher og hadde stor suksess med dette. Spelet var basert på den hardkokte polske fantasyserien av Andrzej Sapkowski, der ein Witcher, Wiedźmin, er ein monsterjegar med spesielle magiske evner. Historiene har ofte blitt samanlikna med (eller anklaga for å plagiere) Michael Moorcock sin Elric, men eg har alltid opplevd han som likare Robert E. Howard sine karakterar Conan og Solomon Kane. Særleg sistnemnte har ein viss fysisk likskap til Geralt of Rivia, the White Wolf, som er hovudrolleinnehavaren i historiene og dataspelet. Historia har òg vorte filmatisert (og snart får vi Solomon Kane film òg, så det er nemnt).

Spelet, som var eit klassisk datarollespel i same tradisjon som Baldur's Gate og Neverwinter Nights (og nytta faktisk motoren til Neverwinter Nights 2), satt ein i rolla som Geralt der han må kjempe seg gjennom allskens utfordringar og konspirasjonar med hukomelsestap. Dette er eit spel der alle dine val har moralske implikasjonar seinare i spelet, og ein har stor fridom til å løyse oppgåvene på sitt vis. Og sjølvsagt har du høve til å forføre eit heilt lass med kvinner, i ekte Conan-stil.

Spelet dukka opp relativt overraskande på topplistene då det vart sluppe, og har vunne det som er å vinne av priser og den opphavelege lanseringa har blitt følgd av collector's edition og director's edition og haugevis av ekstramaterial og utvidingar. Alt tilgjengeleg gratis for eigarane av spelet. Heller ikkje mykje kopibeskyttelse ute og går (same genia står bak den DRM-frie spelbutikken GOG.com), men The Witcher har likevel klart å halde seg godt på plass på salstatistikken.

The Witcher kom i 2007, og på trass av fleire utvidingar og eit mislukka forsøk på å konvertere spelet til konsollbasert plattform, er det no på tide å gå vidare. Dette har vi visst ein stund, men i dag... fekk vi vårt første glimt av The Witcher 2.


   
Det er på tide å sparke rumpe att, ja?

4 kommentarer:

  1. Moi, jeg ble litt skeptisk til Solomon Kane-filmen etter å ha lest dette

    SvarSlett
  2. Ordrebekreftelse 'soretro'. Skal jeg tolke det til at Kane-filmen er så retro at den er kul? Eller så retro at den er kjip? Jeg trenger et mulla-svar, kjenner jeg

    SvarSlett
  3. Whatever, sier nå jeg, som bare er avhengig av Farmville, og dessuten venter på at juryen skal utpeke en vinner av lyrikk-konkurransen.

    SvarSlett
  4. Det var ein frykteleg lang tekst Øystein, så den må eg spare til eg har betre tid. Det er uansett ingen grunn til å vere skeptisk. Det er som med Conan at ein kanskje ikkje skal overdrive minnene om innhaldet i Robert E. Howard sine originale noveller.

    Og filmen vert jo definitivt retro, Solomon Kane har alltid vore retro, og retro er bra. Og det kan du ta for å vere ein fatwa.

    Men Svein då, ver tolmodig. Vert neppe denne veka juryen får samla seg.

    SvarSlett