onsdag 21. april 2010

Aske i lufta og is i magen

Som ein som rimeleg ofte er ute og flaksar vingane har eg følgd den siste veka med dramatikk rundt islandske vulkanar, askeskyer og stengte flyplassar nøye. Ikkje minst fordi eg etter planen, som forsåvidt framleis er gjeldande, skal ut og fly imorgon etter eg er ferdig på kontoret. Eg planlegg å snike meg vekk og ta ei langhelg i Syndas Bygd.

No er det no slik at det hjalp å ha is i magen og ikkje få panikk, på tross av merkeleg ver og faretruande askeskyer på himmelen. Det lukta kanskje svovel, men det kan ha vore djevelen si rumpeande, ikkje meir.

Så eg skal ut og reise imorgon. Inga endring i planane er naudsynt.

Men islendingane må ikkje tru at dei slepp unna med dette. Vi har merka oss kva dei gjorde. Vi gjev blanke faen i deira motivasjon, dette skal vi attgjelde. Ikkje sidan Pearl Harbour har vi vore vitne til tilsvarande snikåtak, kalkulert for å ramme heile Europa sitt luftrom. Dette inkluderar ikkje minst norden. Dette er eit feigt forræderi mot den nordiske rase sitt fellesskap, og Island kan ikkje sleppe ustraffa frå dette.

Vi har lært vår lekse no. Vi har vore for avhengige av fly for å reise ut av landet, så no når tida er komen for å slå attende mot Island bør vi blåse støv av våre gamle langbåtar. Drakeskipa som tente oss så vel i den førre vikingetida, vår gullaldar. Vi skal på tokt for å tukte. Eit ekte tukttokt mot våre fråfallne brødre i vest.

Og kvifor stogge der? Når vi endeleg attvinnar vår stolte tradisjon, så la det no vere byrjinga på den andre vikingetida, og Noreg si andre stordomstid. Lat oss reise på tokt mot dei britiske øyane og Frankrike. La oss slå til langs heile den europeiske kysta, og la oss slå langt inn i hjartet av EU. Unionen vil smuldre i møte med våre blonde bartar og blodtørst, vi vil på ny herske over havet og spre frykt blant veike anemiske europerarar.

Lat oss nytte høvet til å vise verda ein gong for alle kva ein viking er.

Berre vent til eg kjem attende frå Syndas Bygd, så er eg klar.

3 kommentarer:

  1. Husk at gutta stiller når du sier fra, Oh Mullah!

    SvarSlett
  2. Ser vi her en åpning for mad mullah Rollo II? (Eller gale seidmann Gangerolv den annen for de som har litt tungt for det). Du trenger bare endre litt på navnet ditt, så ser det ut til at resten av planen alt er i boks.

    KEE

    SvarSlett
  3. Svein: Eg er alltid takksam for støtta frå deg og gutane! Om det vert naudsynt med forsterkingar på turen, så høyrer du frå meg.

    KEE: Vert det ikkje litt langt namn om eg skal ha Rollo i tillegg til Hastur?

    SvarSlett