laurdag 17. april 2010

Forvirra kontaktannonse

Det er vanskeleg å unngå spam i desse tider. Særleg den meir lugubre typen sendt ut av spambottar i von om å få deg til å respondere til ei eller anna mailadresse. Du har vel kanskje sett dei i innboksen din? Dei stammar gjerne frå snille russiske, ukrainske eller estiske jenter som har sett profilbiletet ditt (kva profilbilete spør du deg vel kanskje om?) og tykte at du var koseleg. Dei held fram å fortelje litt om seg sjølv, og at dei gjerne vil komme i kontakt med deg og verte betre kjend. Besnærande, kva?

Nokre av desse spambottane presterar å registrere seg på ulike forum, og sender ut denne type meldinger som private meldingar til andre forumbrukarar. Tanken er jo den at folk ikkje skal tru at det er lureri, fordi det krev registrering. Men akk, det er jo det. Og det er ikkje alltid like gjennomtenkt lureri når ein overlet spamminga til automatiske prosesser. Noko følgjande melding som krydra innboksen til brukarar på Nordisk.nu for ikkje lenge sidan

SALAM

Am Miss Jane 22yrs from Ethiopia, sorry for my embarassement to your profile,at(www.nordisk.nu) I was only intrested and wanted to know if we can develope a good lovely relationship.
I wish if it is the will of God we can move from here.
But For better presentation kindly catch me direct with this my mail box:

janesalim4allah@xxx.xxx
Dette er jo vel og bra, om du ser vekkifrå at Nordisk.nu er eit forum dedikert til lågpanna skandinaviske nasjonalistar. Nassar. Nynazistar. Siklande dørvakter (nei, okay, den var over kanten). Nordisk.nu er kort og greit den beste kjelda for ufrivillig humor i heile Skandinavia.

Så ein må nesten anta at den stakkars etiopiske kvinna neppe får noko svar... Karane på Nordisk.nu foretrekk overraskande nok ein mytisk skapnad med namn "Den nordiske kvinne", som visstnok er sterk, uavhengig og bland, og som har som sitt høgaste mål å varte opp forumets elite. Afrikanske kvinner er visstnok ikkje ettertrakta i dette miljøet. På den andre sida, om ein tenkjer på dei rustne synapsane til dei halvapene som ferdast på det forumet, så skal ein ikkje vere for trygg på noko som helst.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar