torsdag 29. april 2010

Giftig matkultur: Pandabrød

Eg mottar jamleg korrespondanse frå mine agentar og sympatisørar, som har sett seg lei på korleis Pandamonium kan snikpandifisere den sunne norske kulturen. Eg deler ikkje alle breva med dykk, då det ikkje er naudsynt at de vert utsatt for alle detaljane i Pandamoniums vonde plan, men eg har no mottatt eit brev, som er så skremmande at dette må ut til folket. Brevet stammar frå ei kjelde som har bedt om å få vere anonym:
"Eg må nett varsle deg om enno eit av Pandamoniums mange skitne triks. Som ein god disippel har eg tatt inn over meg fara vi menneske står overfor og då eg her hin dagen trudde eg fekk sjansen til å slå eit slag for menneskeheten gjorde eg nett det.

Min kjære lokalbutikk på hjørnet hadde nemleg i sine hyller Pandabrød. Pandabrød, tenkte eg, det må vere bra. Å ete sine fiendar er jo ein gamal og utprøvd tradisjon. Brødet hamna i korga.


Godt nøgd plukka eg med meg resten av varene eg skulle ha, betalte smilande og rusla heim med ein liten trall. Vel heime vart eg derimot fort klar over at noko var gale. Brødet såg mistenkeleg ut som eit ganske vanleg grovt brød. Det var greit på smak, det var ikkje det, men noko teikn til hovudingrediensen, panda, var det ikkje. Eg sjekka innholdfortegnelsa og rett nok: Brødet inneheld ikkje ein einaste panda! Ikkje så mykje som eit bambusskot, faktisk!

Eg tenke som så at dette er noko folk treng å vete om slik at ikkje andre òg går i samme fella. Til det må den høgst æra mullah vere den beste. Difor sender eg deg denne beretninga saman med bildeprov eg har sikra meg."
 Som om ikkje brevet var forstyrrande nok, så er her eit bilete av brødet:
Og dersom du tviler på kjelda mi si truverd, så er det berre å studerer innhaldet i brødet!

Her kjem det heilt klart fram at brøda ikkje inneheld eit fnugg av pandasvin. Dersom ein går brødet nærare i ettersyn kjem ein fram til at dette er ein gigantisk svindel for å lure dei rettskafne i motstandsrørsla! Brødet er pryda med WWF sin logo, ein frontorganisasjon for Pandamonium! Kjøper du pandabrødet, får du ikkje berre eit heilt pandafritt brød, men pengane går til å finansiere Pandamonium sine aktivitetar.

Dette må vi få satt ein stoggar for. Eg vil be dykk alle om å boikotte pandabrødet, og å sende brev til din lokale matvarebutikk og forklare situasjonen for dei - dei har nok blitt lurt dei òg. Sei nei til Pandamonium! Sei nei til pandabrødet! Støtt din lokale bakar, og kjøp kun brød direkte frå han! Det er den sanne revolusjonære and!

3 kommentarer:

  1. Verst er eigentleg orddelingsfeilen på brødposen.

    SvarSlett
  2. Nok ein indikasjon på at pandaene står bak fordervinga av skriftspråket!

    SvarSlett