søndag 11. april 2010

Juryen under jorda...

Når eg såg alt arbeidet de hadde lagt i dykkar bidrag til lyrikkonkurransen, så var det ikkje noko tvil om at eg ikkje kunne yte mindre sjølv. Juryens avgjersle måtte verte henta, uansett kvar dette oppdraget tok meg. Væpna berre med kløkt og ei oljelampe, gav eg meg i veg til Sentraleuropa, der eg til slutt kunne finne sporet etter juryen. Langt under bakken, under Buda-slott, ligg ein labyrint. Og her venta svaret... kven hadde vunne lyrikkonkurransen, og vil motta den flotte premien?

Dette var berre byrjinga på eit langt eventyr, og eg skal sikkert fortelje dykk litt om kva eg fann under Buda, men først skal vi avsløre vinnaren.

Og det gjer vi imorgon, for eg kom først heim i dag, og eg er frykteleg sliten.

2 kommentarer:

  1. Gutta er samlet, og tar en zikr mens de venter. :))
    http://www.youtube.com/watch?v=uC0td0ek7Tk

    SvarSlett
  2. Det er langtifrå det dummaste dei kan gjere veit du. Gud vakar over dei som lovpriser hans namn i sang, dans og rus.

    SvarSlett