torsdag 15. april 2010

Ungarn: nokre korrekte inntrykk

Det første som slo meg var lukta. Den eksotiske aromaen som slo mot meg i det eg kom ut av flyplassen. Det er den lokale matlaginga ville ein nok tenkt, men det var ikkje matlaging å sjå innan rekkjevidde. Det var kroppslukt. Eksotisk, framand og krydra kroppslukt. Ungarsk sveitte. Eg trakk pusten djupt for å kjenne dette første inntrykket av landet eg skulle tilbringe dei neste dagane i. Eg hadde landa. Eg var framme. Eg var i Budapest. Og det lukta sveitte.

Lukta var sjølvsagt ikkje det einaste og viktigaste inntrykket eg fekk av Europas armhole. Inntrykka var fleirfaldige, og eg kan ikkje dele alle med dykk, men nokre kan eg i det minste by på. Budapest - for å seie det kort var ein storarta by. Ein av desse byane som byr på arkitektur. Eit framand konsept om ein ser på byane her i landet. Storarta byggverk, statuar og monumentar over alt. Og eit språk som er fullstendig uforståeleg. Eit ekte røvarspråk. Eit språk ein kan mistenkje for å vere eit påfunn tatt litt for langt.

Dei som følgjer med på nyhende og slikt, veit vel kanskje at det har vore val i Ungarn, og at høgrekreftane grusa dei regjerande sosialistane. Jobbik og deira paramilitære kumpanar i Magyar Garda vann 16% av stemmane, medan dei meir moderate høgreradikalarane gjekk av med reint fleirtal. Eg var ikkje overraska, sjølv utanfor uniformane sine var fascistane og høgreradikale skinheads lett å sjå i bybilete. Gjerne med flygeblad i handa. Ein kan seie kva ein vil om fascistane, men dei veit å sysselsette seg sjølv.

Vel, å sysselsette seg sjølv er visst noko ein er flink til i Ungarn. Kvar gong eg kom ut av metroen vart eg møtt av tre fire uniformerte menneske som grynta til meg på røvarspråket om at dei ville sjå billetten min. Slik held ein arbeidsløysa nede i Ungarn, altså. Folk var kanskje sysselsatt, men lønningane var ikkje høge. Og som følgje var prisane òg låge. Sjølv om det endte opp med at eg gjekk med lommene full av monopolpengar;
Det heile kan summerast opp med nokre velvalte kloke ord frå ein vis mann med namn Groo.
"The prices of everything in this land are very low! If I had money and needed anything, I would buy many somethings here! [...] No one seems to be unemployed in this land. All of them are working very hard! But the land is crowded and it is sad to see so many laboring so hard for so little!"
Groo veit å få sagt det.

Men når vi først er inne på politikk, så er det jo ein del som tyder på at politikken i Ungarn er annleis på meir enn eit vis. Iallefall om ein skal tru engelskspråklege Budapest Times:
I Budapest har ein altså politikarar som held løftene sine. Dette er jo fabelaktig... om ein ser vekkifrå kor mange av deira politikarar som er huggærne fascistar som bruker sigøynarar som blink.

Budapest er ein smeltedigel, full av folk frå heile verda. Kanskje det er difor det tydlegvis er viktig for innbyggjarane å vere klar over ikkje berre kven du er, men kva herkomst du er av. I dei fleste land ville det vere nok å påpeike kva sjangar ein musikk tilhøyrar, men berre i Budapest har eg sett dei understrekke at det er musikk sungen av negre.
Og for all del; om du sitt fast i trafikken, og ein eller annan idiot framfor deg sørger for å gjere heile prosessen meir ulideleg enn naudsynt, ja, så er det vel greit å vete at idoten bak rattet er jøde?
Apropos jødar... Ungarn var landet din mulla godt kunne passere som hebraisk med eit smil.
Det heile vakte stor entusiasme og glede i synagogen. Og det var Europas største synagoge. Ein merkeleg lita sak, full av gull og vakre vindauge, samt prekestolar - relativt sært for å vere ein synagoge.
Så her kunne eg sanneleg kjenne meg heime
Budapest var generelt sett full av flotte gudshus, og fotografiapparata til meg og min ledsagerske vart stort sett full av bilete som dette;
Og opphaldet mitt i byen tilbragte eg i stor grad i slike gamle bedehus. Det vil seie, når eg ikkje utforska dei mange grottane, bunkersane og katakombane som var under bakken på Buda-sida av Donau.

Men byen hadde òg nok å by på over bakken. Ariktekturen gav utsikta ein ekstra piff.
Og når ein står overfor eit vakttårn på byens høgaste punkt...
Så må ein nesten nytte høvet til å klatre til topps.
Historisk er kanskje Budapest, og full av gamle bygningar. Det tyder ikkje at det ikkje var rom for moderne kunst.
Og etter slike inntrykk er det gjerne greit å søkje tilflukt i mullaens naturlege habitat.
Ein reiser jo ikkje til eit land som Ungarn utan å smake på dei lokale spesialitetane innan mat og druesaft. Så det gjorde vi sjølvsagt. Litt forutinntatt var vi jo, då vårt inntrykk av ungarsk matlaging var at det meste bestod av smult steikt i smult og søte vinar. Og søt vin var det meir enn nok av å oppdrive i butikkhyllane.
Og maten var... fyldig. Det var kanskje ikkje så mykje smultsteiking som eg trudde, men eg er likevel glad for at ekstra vekt ikkje er tollpliktig på returen. Eg kan særleg anbefale den asiatiske maten på dei ulike gatekjøkkena i Budapest. Vi antar, etter djup analyse, at kyllingen var fritert i søt ungarsk honning. Dei likar sine søtsaker i dette landet, ja. Og kva enn dei gjorde for å gjere kyllingen i Ungarn så mør og fin må vi gjenta i dette landet - eg gjev blanke i kva dei utsett fjærkrea for, det er verdt det.

Og når vi er inne på det, vi kan gjerne innføre dei førnemnte matprisane her i landet.

Det får halde med rapportering denne gongen, eg må gå på tredemølla og kvitte med nokre av dei meir handfaste inntrykka.

15 kommentarer:

  1. "Black music" er forøvrig også en velbrukt kategori både i Taiwan og Japan. Da vet man hva man får.

    SvarSlett
  2. Ja, betre det enn å drive falsk reklame. "Sorry, but he sounded white on the album..."

    SvarSlett
  3. Ungarsk mat smult kokt i smult? Asiatiske gatekjøkken? Det var make til fordommer og ukorrekte inntrykk! En madjars hjerte blør.
    Ungarn er jo gulasjens hjemland og paprikaens høyborg! Villsvin, hjort og annet vilt tilberedt en konge verdig. Og apropos konger, "Vinum Regum, Rex Vinorum", Tokajeren er søt, jo høyere puttyonos, jo søtere, ja Men Aszú er en dessertvin. Distriktet har andre tokajere.
    Og landet har andre vindistrikt med ypperlige både røde og hvite viner, ikke bare Egri Bikavér vi kjenner her, okseblodet som er å betrakte som polets rødvin i forhold til produksjonen vi importerer hit til landet. Drukket i Eger er det en helt annen vin. Fruktbrennevinet er heller ikke å forakte, gjerne skylt ned i forkant av kolbász, en salami og paprika. Ikke noe mer.
    Synd du ikke dro i fruktsesongen for den ene herligheten avløser den andre. Og foruten den nevnte paprikaen er heller grønnsakene å kimse av. Som en venn av meg uttalte etter sitt første besøk til Ungarn, "det finnes norske tomater og tomater".

    "Alle" vet at det er slaverne og engelskmennene som koker smult i smult. Ungarerne er derimot et folkferd kjent for ypperlig kokkekunst, en liten innføring : http://en.wikipedia.org/wiki/Hungarian_cuisine

    Jeg tror jeg skal ha fylte paprika til middag i dag. Hva de gjør med hønene kan jeg fortelle deg en annen gang;-) Men ikke før du drar tilbake og spiser ordentlig ungarsk mat.

    Når det gjelder ungarske metrokontrollører kan jeg anbefale filmen Kontroll fra 2003 om du liker svart og absurd humor. Da vil du skjønne oppførselen :-)
    http://www.imdb.com/title/tt0373981/

    Men ligg unna brødet. Da foreslår jeg heller et asiatisk gatekjøkken.


    Med vennlig hilsen Beate Szanday

    SvarSlett
  4. Det stod jo at vi var forutinntatt, og at det var inntrykket vi hadde frå før. Menyen min bestod av tign som andebryst i brun bringebærsaus og sjølvsagt kalv i paprikasaus med egg. Det vart òg tid til eit heimelaga måltid hjå eit eldre ektepar i Buda-høgdene. Spørsmålet er; veit du om ein stad her i Noreg ein kan få klørna i søt paprikakrydder?

    Tokajeren var nok litt for søt for min smak (vil eg drikke portvin, så drikk eg portvin), det var òg samtlege bringebær og kirsebærdrikker eg inntok. Magyarmøa eg budde hjå kan skrive under på at eg tok fatt på lokale spesialitetar med stor iver.

    Så det så. Reisar gjerne attende, vart invitert til ein konferanse i juni - betalar du turen?

    SvarSlett
  5. Gisp! Apostasti! Har du gått og blitt jødisk nå?

    Nei, men nå ble jeg fristet til å besøke Budapest. Du hadde blitt en fotreffelig reisejournalist.

    SvarSlett
  6. Frykt ikkje min somaliske venn, eg berre nytta kippa til å infiltrere synagogen.

    Dårleg tryggleik der forresten; metalldetektor og vaktar skulle dei ha. Men brydde dei seg då den skjeggete mullaen peip som eit uver då han gjekk inn? Nope.

    SvarSlett
  7. Magyarmøy? Ledsagerske? Gutta venter spent på detaljer! :)

    SvarSlett
  8. Bare ærbare detaljer, selvfølgelig! :)

    SvarSlett
  9. He he, nei, jeg kan ikke spandere noe på særlig mange før jeg vinner i lotto dessverre.
    Synd du ikke fikk noe skikkelig fruktpálinka. Som regel fersken eller aprikos. Den sitter som et skudd, og er ikke spesielt søt, men fruktig.

    Når det gjelder paprika kan du selvsagt kjøpe disse fæle små glasskrukken i enhver Rimi med respekt for seg selv. Problemet er at den er så gammel og tørr at du må bruke minst to for å få noen effekt og smak.
    Så det er innvandrerbutikker. Der selger de mye ferskere saker i mer passende størrelser, altså poser. Spesielt tyrkerne er gode på akkurat det. Selv om ikke tyrkere og ungarere var spesielt gode venner for endel år siden som kjent, så er det uvennskapet nå skrinlagt, og det ble endel matutveksling den gangen til felles glede, så de er best på paprika etter min erfaring.

    Nå skal det sies jeg jo bare er halvt ungarsk og oppvokst i Norge, så når delikatesser som gåsehals med krås, en av kuas mager, innvoller generelt kommer på bordet, blir også jeg skeptisk. Men slipper man tak på kulturelle fordommer evt. ikke vet hva som serveres på grunn av språkproblemer, er det meste spiselig og godt bare det er nok paprikapulver....;-)
    Bortsett fra brødet da. Ikke engang paprika og smultkokingstradisjoner importert fra kringliggende land kan redde smaken på det.

    Beate

    SvarSlett
  10. Svein då... kva slags sladdertørst er dette? Er ikkje det litt uverdig. Trur nok at du og gutane må styre fantasien dykkar. Her er det sjølvsagt ingenting å fortelje. Eg er gift med moskeen.

    Beate: Eg skal kikke etter paprikapulver, kom heim med sansen for ein heller artig heimelaga potetrett. Hadde gleda av å verte ført rundt av ein halv-magyar.

    Og ikkje mobb tryntyrken. Tryntyrken er min venn.

    SvarSlett
  11. Gutta vil bare ditt beste, Oh Mullah, og har flere konekandidater til deg hvis du er interessert.

    SvarSlett
  12. Eg veit det, og ære vere gutane for det. Om de skal presentere meg for konekandidatar må det skje i det løynde, elles vert jo Arjuna så vonbroten ;-)

    SvarSlett
  13. Mye fin arkitektur i Budapest ja. Byen skiller seg dog fra f.eks. Praha ved at det byen er ødelagt gang på gang og det meste er bygget rundt 1900, som del av tusenårsjubileet for den ungarske staten, og at det finnes lite å se på som er særlig eldre enn dette. Når det er sagt, ikke noe galt med det - hadde Oslo blitt bygget opp tilsvarende til tusenårsjubileet skulle jeg ikke klaget ;)

    SvarSlett
  14. Det er jo det som gjer det så forbanna fabelaktig å sjå på. Ein vert litt skamfull på vegne av smålåtne Noreg.

    SvarSlett
  15. Jeg hadde en periode i min ungdomstid da jeg hatet ungarere fordi jeg i 6.klasse hadde en ungarskættet gymnastikklærer med klare sadistiske trekk.

    Men jeg har lagt fordommene bak meg.

    Og det ungarsks språket er jo riktig morsomt og langt mer velordnet og praktisk enn rotespråket engelsk.

    SvarSlett