søndag 16. mai 2010

Ein mulla i øyret!

God kveld i stova, mullaen nyt langhelg for å få unnagjort ein del skriveri. Han har tatt på seg ein lånt tenkjehatt, som visstnok skal ha magiske kvalitetar for å få unnagjort sine prosjekt. Likevel går det merksnodig treigt fram.

Andre er meir effektive, under innspurten av si masteroppgåve fann MiniTini (Aka TiniTronic og meire til) at ho skulle lage nokre nye øredobber. Den første runda med testøyredobbar har gått i omnen, og ho har tenkt å produsere fleire i somar etter det eg har høyrd. Så kvifor fortel eg dykk dette? Vel, ta ein kikk på motivet då gutar og jenter;
Ja, du kan no få mullaen i ditt øyre heile tida og over alt. Korleis kan du takke nei? Ta ein svipptur innom sidene hennar og be henne sett av "Mad Mullah Hastur øyredobbar" til deg òg. Dei fungerar òg utmerka som gåver.

Vi har planlagd ein drøss med gåvegjenstadar som dykk lesarar kan kjøpe (stort sett til kostpris), spørsmålet er kva de har mest lyst på? Kva vil de eigentleg ha? Plakatar? T-skjorter? Krus? Klistremerker? Vi er opne for forslag.

8 kommentarer:

  1. Ånei, jeg har ikke hull i ørene!

    SvarSlett
  2. Men det er jo enkelt å få! Og no har du jo ein god grunn til det òg!

    SvarSlett
  3. Må dei festas i øyret eller funkar dei òg andre stadar ein måtte hal hol? Ikkje at eg har hol nokon stad, men eg er no nyskjerrig av natur...

    SvarSlett
  4. Støtter Lady Mju: Buttons! De har jo også nål som kan stikkes i øret, for de som absolutt vil det.

    SvarSlett
  5. Lady Mju: Då kan eg glede deg ved å fortelje deg at Mad Mullah buttons, utan slagord allereie er klar til sal til dei som veit kvar dei skal leite. Eg har berre ikkje annonsert butikken enno.

    Bad Mynock: Eg legg meg ikkje opp i kvar du festar dei. Eg står ikkje for salet av desse, sjølv om dei er offisielt godkjend. Ta kontakt med kunstnaren og du får ein god pris.

    Svein: Eg utfordrar deg til å feste ein Mad Mullah-button i øyret!

    SvarSlett
  6. Den tror jeg at jeg må pingle meg fra, Oh Mullah! Noe med blodfortynnende piller og forsiktig med sånt. Kan om nødvendig skaffe legeerklæring.

    SvarSlett
  7. Kan du ikkje heller få legen til å feste den?

    SvarSlett