måndag 10. mai 2010

Fotofrieri til ungdommen

Eg har forstått det slik at det er visse ting dei populære bloggarane gjer for å slå an blant ungdommen. Forutan motetips, sminketips og rapportar frå meir eller mindre fasjonable festar så tørstar publikum etter sexye bilete av forfattaren.

Og sidan din mulla er sjølvsaste Hawtness, så kan ikkje han vere dårlegare. La meg presentere - sexy mullah!
Legg merke til mine sensuelle lepper som berre skriker etter lipgloss, og mitt innbydande forføreriske blikk. Vi har òg valt å ta biletet innan dei tradisjonelle ramane for rosabloggarars sjølvportrettering. På babdet. Helst i dusjen, framfor eit spegl. Eg har òg valt å nytte eit fargerikt klesplagg som framhever bysta mi, men dette kjem ikkje så godt med. Rosabloggarar vil vanlegvis ha litt meir utringing, samt brysthaldarar som skviser deira 15 år gamle pupper tett saman, men vi hadde ikkje det tilgjengeleg. Vi beklagar dette, og vonar at våre lesarar ser vekkifrå det.

Vi har heller ingen synlege kviser å klage over på dette biletet. Òg dette er vi nøydd å beklage.

Resultatet vonar eg at er eit portrett som er litt utanom det vanlege for mullaen, og eit som vil tekke dei yngre lesarane som har mykje å seie om kor pen eg er og som vil vete kvar eg fekk den fabelaktige t-skjorta frå. Og eg ventar at Thomas Moen straks ring meg og tilbyr seg å vere bloggmanagaren min. Eg er ein skitten liten pike!

Bah... kven er det eg prøvar å lure? Eg likar jo ikkje ungdommen ein gong! Pføy! Kom dykk vekk frå bloggen min. Mullah is in da house!

14 kommentarer:

  1. Blikk?? Du har jo lukket øynene, din løk! :D

    SvarSlett
  2. Eg mysar sensuelt din filistinar!

    SvarSlett
  3. Jeg har bondageteip og hårføner sånn at du kan få presset puppene opp under haka til take 2. :)

    SvarSlett
  4. Jeg må innrømme at gutta er litt delt, Oh Mullah. Noen synes du er vakker, resten synes du er uimotståelig.

    SvarSlett
  5. Du har mykje bra med her, men eg trur kanskje du viser litt for lite hud til å treffe heilt blink.

    Kva med å bytte ut t-skjorta med ein frekk singlet i neste forsøk?

    SvarSlett
  6. Hawtness <3 Håper å få mote og stylingtips fra vår o store mullah snart.

    Du behøver ikke å bruke bondagetape det finnes egen puppetape til dem som vil ha de litt opp og frem;) Så da er det bare å finne frem singleten og show it off!

    SvarSlett
  7. Rawr!

    Svein, gutane din har ein usedvanleg god smak, og det er ikkje berre fordi dei ber preg av å komme frå ein ganske så bifil kultur.

    Bad Mynock, singlet skal bli! Eller kanskje ei fjong helsetrøye?

    W: Gode motetips er sjølvsagt langt skjegg og skjortel, men eg veit ikkje om det kler deg ;-)

    Kristian: Bondagetapen brukar eg helst til andre ting, så eg trur eg satsar på puppetapen til W.

    SvarSlett
  8. Lord Buckethead11. mai 2010 kl. 10:46

    Som innehaver av noen av Mullahens mest sensuelle bilder, fra hans korte periode som dragartist, er jeg mer enn villig til å dele disse om Mullahen skulle ønske det :D

    Great Garlic Girls kan bare gå hjem og vogge, dette er hot stuff!

    SvarSlett
  9. Lord Buckethead:
    Folkekrav!!

    SvarSlett
  10. Kan ikkje anna å seie enn at eg er skeptisk til at Lord Buckethead skal spre bilete av mullaen når han utforskar alternative sufiritual ;-P

    SvarSlett
  11. "Utforskar alernative sufiritual"??
    Enda mer folkekrav!!

    SvarSlett
  12. Lord Buckethead12. mai 2010 kl. 00:05

    Det er greit, man kan nesten ikke gjøre annet enn å respektere kunstneren. Bildene forblir trygt hvor de er. Det var jo tross alt en one night only performance, så det passer seg gjerne best slik det blir med dèt. Men for en kveld! :D

    SvarSlett