laurdag 22. mai 2010

Å ha tru på ungdommen

Mitt fotofrieri til ungdommen må ha virka, for idag (teknisk sett igår ser eg no på uret), var mullaen invitert til å snakke med ein klasse med skuleelevar på ein vidaregåande skule i Asker på austlandet. Det var sjølvsagt med ein viss sunn skepsis at eg takka ja til dette oppdraget, då dagens ungdom har eit heilt eiga talent for å fråta mullaen all hans tru på framtida. Og medan ungdom er fæle, så skal det alltid vere unntak til slike reglar, og det er her denne klassen tydlegvis kjem inn.

I klasserommet vart eg møtt av trivelege og vakne ungdommer, så virka veldig interessert i å lære om ikkje båe Hello Kitty og Pandamonium, og alt anna denne bloggen inneheld. Det var hjartevarmande å høyre ungdom så oppglødd når dei høyrer sanninga om tomheitas gudinne og om vår motstand mot skitne pandabjørnar sine vonde planar for menneskeheita.

Og det var ei glede å fortelje dei alt om det. Og eg vonar at fleire av dei startar eigne bloggar og gjev seg i kast med desse viktige tema.

Slik ivrig og aktiv ungdom gjev ein nesten trua attende på ungdom generelt - nesten. Kanskje det hadde vore nyttig om eg nytta meir tid på ungdommen? Kanskje eg kunne gjort noko av det eg allereie gjer, i ein kontekst som sett meg enno meir i nærkontakt med dei? Ja, det er dèt!
Faen heller, folkens! Eg skal bli helsesyster!

5 kommentarer:

  1. Hvilket minner meg om den klassiske Wesensteen-replikk: - Der går vår sønn, menighetssøsteren!

    Absolutt, Oh Mullah. Helsesøsterne er nok de som har best kontakt med ungdommen.

    SvarSlett
  2. Ja, fy søken, det hadde du kledd! Korleis i all Bergen endte du opp med dette oppdraget, forresten?

    SvarSlett
  3. Ellers skal jeg hilse fra gutta, som satte stor pris på bildet av sin mullah. Planen var å plassere det inni en ornamentert ramme.

    Så viser det seg å være dyp uenighet blant gutta om hva slags ornamenter! Den som tror islam og dertil hørende kultur er den samme verden over, skulle hørt den diskusjonen! Det var på grensen til håndgripeligheter.

    Gutta har derfor kontaktet ekspertise i sine hjemland, og bedt om å å tilsendt eksempler på høvelig ornamentering til mullah-bilder.

    Jeg er derfor redd det kommer til å ta noe mer tid, Oh Mullah, før vi får sendt deg et bilde av den endelige plassering.

    SvarSlett
  4. Men bildet er plassert nest høyest i rommet, i en solid eske, og tas bare i med hansker, og bare fram ved morgensamlingene! :)

    SvarSlett
  5. Svein: Vi får berre smøre oss med tolmod og vente på dette biletet. Vi er veldig spente.

    Bjørn: Ved å vere meg sjølv? Dei ville lære om mullaen, må jo stille opp då.

    SvarSlett