tysdag 25. mai 2010

Handkledagen 2010

Som vi var inne på igår, er det den internasjonale handkledagen idag. Og det tyder at du, og alle andre fornuftige menneske der ute, tar med dykk handkle kvar enn de går for å markere dykkar forhold til Douglas Adams og den reine fornuft som han representerar. Mullaen din er ikkje verre enn at han sjølv markerar handkledagen kvart år. Og i år er intet unntak. Det heile hjelp sjølvsagt på når sjefen hans startar dagens første møte med å erklære "Don't Panic!" til ære for dagen.
Arbeid går så mykje lettare når ein har eit handkle tilgjengeleg.

Og mullaen er ikkje åleine om å meine dette, på veg til jobb traff han fleire av same overtyding. Han var heller ikkje åleine på jobben, då ein av hans meir oppegåande kollegar stakk nasen ut av kontoret sitt;
Slik får ein godt arbeidsmiljø.

Mullaen tvihaldt sitt handkle gjennom heile arbeidsdagen, men måtte gje slepp på det då Bergen Offentlege Bibliotek skulle lage seg ei utstilling til minne om dagen, og var i manko eit handkle. Dagens gode gjerning før mullaen sprang heim og fann ro i eit skap fullt av reservehandkle.

Nok ein vellukka handkledag overstått. Korleis var din dag?

9 kommentarer:

  1. Kaptein Sinnsfrisk25. mai 2010 kl. 23:11

    Kven er den vakre mannen ved sida di, o mullah?

    SvarSlett
  2. Nok ein apropos, nok ein gong ikkje forsøk på thread-jacking, men Geek Pride Day (som altså ikkje er det same som International Towel Day, eller Glorious 25th of May, men altså er i dag) oppstod i 2006 som markeringa av premiera av Star Wars i 1977. Noko flau for at eg ikkje hugsa dette (måtte sjekke Wikipedia). Det passar eigentleg svært bra at alle desse greiene fell på same dag, mon tru om ikkje Star Trek- og Doctor Who-fantastane har noko på gang i dag óg?

    SvarSlett
  3. For øvrig, for å svare på spørsmålet du stiller lesarane, hadde eg handklede på delar av dagen, sang "All the little angels, how do they rise up, rise up, rise up?", og generelt gjorde nerdete aktivitetar som å lese. Akkurat passe feiring, m.a.o.

    SvarSlett
  4. Se der ja. Mine to favoritt UiB-menn samlet på et sted <3<3<3

    Dere er så vakre at.

    SvarSlett
  5. Bergen offentlige representert av meg takker pent ;D Det ble en bra utstilling og du skal få håndkledet ditt tilbake snart, dont panic.

    SvarSlett
  6. Kaptein: Det er ein av mine kjære kollegaer.

    Bjørn: Geek Pride Day går vel langt utover Star Wars, men er eit forsøk på å samanfatte alle nerdete/geekye interesser. Kva tid får vi Geek Pride Parade i Bergen?

    Godt å høyre at handkledet var på plass.

    MiniTini: Ja, sant vi er?

    AC: Aldri grunn til panikk, eg har fleire handklede ;-)

    SvarSlett
  7. I stepped by your office TWICE - to have my ass slapped with that towel (the mere thought of that makes me ... rrrrrrrrr ...). But to no avail. Nobody in there! So, since I had brought my own towl (which I went with all day, mind you), I had to throw that in.

    42.

    SvarSlett
  8. Mens vi andre forbereder streik for likelønn! Ja ja... :=O

    SvarSlett
  9. Daniel, you naughty boy! If you wanted me to slap you around, you could've just sent me an e-mail and I would have stopped by your office when I was doing my ass-slapping rounds.

    Svein: Vi bidrar alle med vårt ;-)

    SvarSlett