måndag 24. mai 2010

Imorgon er handkledagen

I høve viktige markeringar har eg fått litt pes av mindre kalendarføre medlemmar i menigheita for at eg ikkje har varsla dei på førehand om viktige datoar, men heller skrive om mi markering av dei ut på dagen. Dette tar eg til med, og nyttar kvelden til å varsle dykk om den internasjonale handkledagen som vert feira imorgon. Sidan 2001 har 25. mai vore dagen for å feire nytteverdien til det allminnelege handkleet og litteraturen til Douglas Adams. Dette markerar du enkelt og greit ved å ta med deg handkleet kvar enn du går, enten det no er på jobb, på skule eller i parken for å skyte opp heroin.

I fjor såg det ut slik som dette.

Medan det i tidlegare år, og hjå tidlegare arbeidsgjevarar (merk pandaen i bakgrunnen som overvakar arbeidet), gjerne kunne det sjå slik ut:
Så korleis markerar du den internasjonale handkledagen? Fortel meg alt om dèt! Og del gjerne bilete! Hugs du er ikkje åleine om det, vi er fleire over heile verda som sett pris på god litteratur.

10 kommentarer:

  1. Jeg bruker håndduk på jobb når jeg tørker folk etter at jeg har vasket dem i rumpa. Må jeg ha det på skuldrene etterpå?

    SvarSlett
  2. And in a puff of illogic så er det også årets Terry Pratchett-dag, eller Glorious 25th of May, til minne om revolusjonen i Treacle Mine Road, Ankh-Morpork, på denne dagen, med kampsaka Truth! Justice! Freedom! Reasonably Priced Love! And A Hard-Boiled Egg!

    SvarSlett
  3. Stine: Ja.

    Bjørn: Så Pratchettfans er så originale at dei må nytte same dato? Trist.

    SvarSlett
  4. Hastur: Douglas Adams døydde 11. mai 2001, og det var tilfeldig at Towel Day havna på datoen 25. mai, to veker etter hans død, for å markere han. Pratchett sin roman Night Watch, der datoen 25. mai har særeigen tyding, kom ut i 2002; det at det er same dato er nok ganske tilfeldig, og fanmarkeringa er omlag like gammal. Tydinga for Pratchettfans vart sterkare etter at Sir Terry vart diagnostisert med Alzheimers, og datoen har blitt ei markering for opplysning om denne sjukdomen, mellom anna ved at fans bærer ein syrinkvist slik karakterane i Night Watch gjer for å markere datoen i boka. Synd at du må ta den haldninga der, forventer annleis frå deg. (Baklagar for namngjeving, trudde ikkje du lenger brydde deg om det i og med lenking via Facebook m.m., tar sjølvkritikk på dét).

    SvarSlett
  5. Kva haldning? Det er du som meiner at Pratchetter temaet når eg skriv om Douglas Adams :-P

    SvarSlett
  6. Eg nevnte at det tilfeldigvis også er ei markering for Pratchettfans, inneforstått at dette er pussig sidan Adams og Pratchett ofte blir samanlikna. Om du les kommentaren min igjen vil du nok sjå at det ikkje er tale om at eg vil skifte tema, snarare kome med eit apropos. Med haldning meiner eg "Så Pratchettfans er så originale at dei må nytte same dato? Trist.", i.e. nedlatande. Som dei fleste andre Pratchettfans er også eg veldig positivt innstilt til Towel Day og tykkjer det er ei fin markering, men skjøner ikkje at det ikkje skal vere lov å markere andre ting på same dag.

    SvarSlett
  7. Ein kan vel feire det ein vil? Kokar jo ned til Geek Pride Day uansett ;-)

    SvarSlett
  8. Der er vi einige. Hurra for nerderi!

    SvarSlett
  9. Apropos er Doctor Who-artikkelen påbyrja og undervegs, men det går nok nokre veker før den er klar (er ein siste eksamen inni der ein stad, pluss at vi må ha ein runde med playtesting, så klart).

    SvarSlett
  10. Playtesting er vi glatt med på =)

    SvarSlett