måndag 31. mai 2010

Israelsk piratåtak i Middelhavet

Eg må jo ærleg innrømme at eg har ein viss kjærleik for piratar av ulikt slag. Eg er difor ein smule riven når israelske (Hasidiske?) piratar bordar skip lasta med naudhjelp og drep ca. 19 aktivistar for å ha gjort motstand. Dette er, vel og merke, ca 19 fleire enn det det er påvist at Edward "Svartskjegg" Teach drepte i si tid, sjølv om det nok hadde blitt avslørt litt og kvart der òg om ein fekk i stand ei uavhengig gransking. Andre likar å påpeike at dette er langt fleire enn antall israelerar som er drept i rakettåtak frå Gaza dei siste 10 åra, men vi tykkjer strengt tatt det er upent å drive liktelling - ein ting felles har vi jo tross alt båe med det amerikanske forsvaret og Stalin.

Som vanleg fører denne saka til ein haug med tåkeprat, der dei bablande klassar kastar seg over kvarandre. Det er uhyre lett å forutsjå at Israel kom til å hevde at a) dei var terroristar b) gjorde motstand c) hadde våpen ombord. Ikkje at det har noko som helst med saka å gjere om det i det heile tatt var sant eller ikkje. For dei som alltid støttar Israel fanatisk, kjem til å skru på sin fanatisme, og dei som hatar Israel med glød kjem til å fyre opp sine faklar og sette fyr på eit par flagg.

Og så gløymer vi alt imorgon eller i overimorgon. Og ingen bryr seg om korvidt eit sant hendingsforløp kjem fram, eller ein prinsipiell debatt rundt kven som har skuld dei lett forutsjåbare hendingane.

Vel, eg er lei. Så eg tar affære. For å avslutte krangelen om kva som faktisk skjedde, kan eg her presentere autentiske opptak av heile affæren som burde feie ein kvar tvil av bordet.


5 kommentarer:

  1. Det var jo ikkje rare konvoien det der, då, men kva veit vel eg om dei eigentlege hendingane. Eg tar dette for god fisk og skuldar dei to på stranda. Fy skam!

    SvarSlett
  2. http://www.youtube.com/watch?v=Mclbc8nSww4

    ftw

    SvarSlett
  3. Dessverre har de feil forsvarsminister. Les mer om dette her: http://pyroklastisk.blogspot.com/2010/06/avast-ye-lubbers.html

    SvarSlett
  4. Må bare pirke litt. Det er selvsagt Shemittiske pirater. Spørsmålet er jo også om vi, i kjølvannet av dette, vil se en gjenfødelse av Belit.

    SvarSlett
  5. Bad Mynock: Bileta kan ikkje lyge

    LM: Så fiiiin!

    Snirkelsnorkel: Her er det absolutt gode råd å hente for våre Israelske vennar når Hamas og Hizbollah har drive dei på sjøen ;-P

    KEE: Men hasidiske piratar ser så mykje artigare ut! Litt som Jews in Space!

    SvarSlett