onsdag 5. mai 2010

Jediisme, ja

Ja, kva er eigentleg jediisme? Det var spørsmålet. Og det er ikkje lett å svare på. Det er eit difust og mangefasettert tankesett som hentar sitt namn og sin terminologi i første omgang frå Star Wars-filmar. Jediar, tilhengjarar av jediismen, er i utgangspunktet overivrige Star Wars-fans som har sett lyset gjennom krafta til jediriddarordenen i filmserien. Det er med ein gong noko lattarleg og trist over det heile, men så lett er det aldri. Det er meir til det enn som så, hinsides det openbare klovneriet.

Men det var nok i første omgang på grunn av klovnefaktoren at mine vennar i Radioselskapet på P2 ville at eg skulle komme og opplyse dei om fenomenet idag. Til glede for mine lesarar ligg no heile programmet ute som podcast, og de finn min bit i overkant av 20-25 minutt inn i det.

Frå byrjinga av så har jediane i Star Wars-filmane forfekta tankar og evner som apellerar til eit større segment av det moderne vestlege samfunn. Deira filosofi, slik den er uttrykt i filmane er ei blanding av austlege filosofiar, i første omgang taoisme og buddhisme, såvel som ein dæsj hermetisisme mellom anna. I tillegg kjem den alltid fristande tanken at gjennom meditasjon og øvelse skal ein oppnå ein form for harmoni med det levande universet rundt oss. Dette er det same tankegodset du kjøper på trommekurs og alternativmesser kvart år. I Star Wars får det heile ein heftig innpakking, og iscenesatt som ein del av kampen mellom det gode og det vonde. Så ein skal ikkje verte særleg overraska over at det er dei som hevder å ha oppdaga jediismen rimeleg tidleg, alt er jo der. Ein lett attkjenneleg smørje av mjukt tankegods, både eksotisk og ufarleg, klar til å verte tatt i bruk.

Som fenomen stammar likevel jediismen frå 2001, då fleire på spøk og som protest førte opp Jedi som sin religion på folketeljingar i England, Wales, Australia og New Zealand. Til saman rundt 500 000 menneske som vart avfeid som 'ikkje-seriøse' fordi dei ikkje svarte ein av dei allment aksepterte religionane på skjemaet. Seinare folketeljingar demonstrerte likevel at tale hadde sunke kraftig i løpet av får år, noko som indikerte at det var få som openhjarteg såg på seg sjølv som jediar.

Ei lita kjerne på nokre får tusen på verdsbasis er framleis aktive, fordelt på ulike kyrkjer, templar og akademi, og med ulike forståingar av kva det tyder å vere ein jødi og kor bokstaveleg dei skal ta dette med krafta. Og dei kranglar, sjølvsagt, noko som kan vere ei god kjelde for underhaldning for meir jordnære utanforståande. For det er ikkje måte på kor alvorleg det skal takast når det først er alvorleg; for nokon er det framleis ein spøk, for andre ein litt forvirra livsstil, for andre ein inngangsport til ei større andeleg forståing, og for det lille mindretal er det frykteleg, frykteleg alvorleg. Det vert solgt bøker som instruerar ein i å bruke krafta, i same slengen som dei gjev tips om kampsport og meditasjon, og ein kan melde seg inn i kyrkjer der ein stig i gradane lik frimurarordenen. Her er det berre å velje din form for jediisme.

Jediisme kan vere frykteleg fascinerande, då ein glatt kan plasserast mellom scientologikyrkja, som er basert på science fictionromanar, og pastafarianismen, ein protestreligion som meiner at verda er skapt av det flygande spaghettimonsteret og at klimaendringar er forårsaka av svinnande tal på piratar.

Eg skulle likt å sjå fleire kritiske studiar av dette. Har ikkje sett mykje av dette i norden. Ein Phd i Danmark, men den har eg ikkje fått lest, og eg må innrømme at eg er litt skeptisk i den litt for vennlege tilnærminga til temaet. Så her er det berre å sette tenna i det folkens. Som ein Rancor.

7 kommentarer:

  1. Egentlig mest rystet over at det ble spurt om religion i en folketelling.

    Ellers skal jeg laste ned podcasten og høre den på vei til jobben i morgen.

    SvarSlett
  2. At det vart spurd om det var bakgrunnen for at det vart ført opp Jedi.

    Det verste har jo vore myndigheitanes reaksjonar. Dei har trua med bøter. Og jediar har blitt inkludert i lister til offisielle unntak for anti-diskrimineringslover ilag med scientologar, rasistar og satanistar.

    SvarSlett
  3. Forståelig at det kreves medlemsregistre i forbindelse med støtte til religiøse/frivillige/politiske organisasjoner.

    Men er generelt skeptisk til kartlegging av hudfarge (caucasian/black/osv) og religion. Ville av prinsipp svart blankt hvis mulig.

    Og du viser jo klart hvordan dette kan misbrukes.

    SvarSlett
  4. Fascinerte vi er, gutta og jeg. Høre mer vi gjerne vil.

    SvarSlett
  5. Liv-Marit: Blankt er jo mogleg. Evt. Jedi, som desse valte å skrive.

    Svein: Du får søkje deg inn på ein bachelor i religionsvitskap og etter tid og stunder skrive bachelor- eller masteroppgåve om temaet. Eg trur ikkje eg har tid medmindre nokon betalar meg for å sette meg meir inn i temaet ;-)

    SvarSlett
  6. For gammel jeg er, Oh Mullah!

    SvarSlett
  7. Kaptein Sinnsfrisk9. mai 2010 kl. 07:13

    For gamal ein aldri vert, padawan Svein.

    SvarSlett