onsdag 26. mai 2010

Kvinnerolla

Som dei fleste veit så har eg eit heller gamaldags syn på ein del ting. Eg er ikkje så begeistra for allskens nymotens kutyme og opptreden. Det moderne mennesket har jo mista fullstendig grepet på kva som er korrekt og sømmeleg, og vårt samfunn har blitt vulgarisert. Folk har særleg reagert på det dei meiner er eit forelda kvinnesyn, som visstnok grensar til det sjåvinistiske.

Personleg forstår eg ikkje kva som vert meina med det. Berre fordi eg er opptatt av korleis kvinner skal kle seg? Og fordi eg meiner kvinner bør kunne lage mat? Er det så sært då? No har det seg slik at eg meiner at ei god kvinne skal kunne kle seg pent, og ikkje minst, rett for ulike høve. Og at ho skal vere i stand til å handtere eit kjøkken. Helst skal ho kombinere korrekt antrekk og matlaging.

Fottøy er valfritt.
Det er dei som absolutt vil sjå noko gale i dette... dei ville eg minne om at eg har nøyaktig same standard for menn. Sjølv om menn kanskje kan bytte ut neglisjeen med eit enkelt forkle på kjøkkenet.

3 kommentarer:

  1. Syns du i det minste bør true med voldtekt da. HallooOOoooo. Kan ikke ta deg seriøst slik du holder på!

    SvarSlett
  2. Ikke noe behov for folkle! Mannfolk kan godt lage mat nakne. Eller i trusa.

    SvarSlett
  3. Batcheeba: Eg trur eg overlet denslags blogging til visse andre personar.

    Supermarina: Er du sprø?! Har du prøvd å woke med familiejuvelane på utstilling? Nei, ein må beskytte dei edlare deler for steikesprut ;-P

    SvarSlett