laurdag 1. mai 2010

To for ein, ingen for...?

Her forleden, kanskje det var idag, forvilla eg meg inn på ein 7-11, ein av desse stadane der dei sel overprisa varar til alle døgnets tider. Eg ville ha ei pølse. Ei halalpølse, sjølvsagt. Og det skulle eg få, det var ikkje noko problem, kunne den unge piken bak disken fortelje meg. Glad drog eg fram mitt betalingskort for å gjere opp for meg, i det ho spurde meg eit enkelt spørsmål: Vil du ha cola til pølsa di? Svaret var enno enklare, eg likar jo ikkje cola - så svaret var simpelthen: Nei.

Det var då jenta følgde opp med følgjande salstriks: Vi har eit 2 for 1 tilbod, så om du kjøper ein cola får du to. To kva? Eg såg spørjande på jenta. To cola, vel, forklarte ho.

Eg vart ståande ei lita stund å gruble på logikken bak det heile. Om det er slik at eg ikkje likar cola, og ikkje vil ha ein cola, og difor takkar nei til ein cola, er det då rimeleg å anta at eg ombestemmer meg om eg får tilbod om to cola til same pris? Er dette ein logikk som fungerar på andre? Er to dårlege ting mindre dårleg enn ein dårleg ting?

Eg undrar... og forstår ikkje.

5 kommentarer:

  1. Men du svarte jo bare "nei" til colaen. Du sa jo ingen ting om at du ikke likte det? Motivet ditt for å si "nei" kunne jo like gjerne være fordi du mente det var for dyrt?

    SvarSlett
  2. Men hadde eg hatt lyst på cola, så hadde eg jo svart ja, hadde eg ikkje? Eg får ikkje meir lyst på noko eg ikkje har lyst på berre fordi eg får meir. Og det var jo like dyrt med 2 som med 1.

    SvarSlett
  3. Spørsmålet er om det produktet har tilstrekkelig priselastitet. Vil en billig cola (to for en) være mer attraktiv enn en vanlig priset cola? I ditt tilfelle er svaret nei, men det kan jo ikke 7-11 sine ungmøer vite.

    SvarSlett