måndag 17. mai 2010

Vi er ein nasjon vi med...

Det er 17. mai. Noregs nasjonaldag. Då vi feirar at ei gruppe distingverte herremenn satt seg ned og forfatta Noregs grunnlov. Ei grunnlov som vi deretter forkasta, og erstatta med ein litt omskreven versjon med ein svensk kongefamilie på kjøpet. Men for all del, alt er vel betre å feire i november? No er det i minste ikkje vinter - dei fleste stadar i landet.

17. mai til høyrer dei minste. Slik har det alltid vore. "Vi er ein nasjon vi med, vi ein alen lange..." syng dei høgt, generasjonen som nok aldri vil lære kva ein alen er, for lærarane ikkje har lært det sjølv. "Vi er ein nasjon vi med, vi generelt dårleg skulerte...", men det får så vere. Det er dei minste, dei allar minste, som skal kose seg. Ete is. Ete hot dog. Leike leikar. Og gå i tog. Det er viktig. Toget for dei minste. Når dei allar, allar minste marsjerar avgarde i utakt, skriker og skrålar, og veivar med flagg! Det er litt av eit syn.
Men er det berre eg som tykkjer at denne kosedrakt mota har gått for langt? Ein kan vel strengt tatt ikkje kle seg opp som furries på 17. mai... kan ein?

4 kommentarer:

  1. Har du så mange? Respekt!!!

    SvarSlett
  2. Det var nok ikkje mine, dei tilhøyrar nok Rubens Varme Gleder, Bergens mest pedofile etablissement.

    SvarSlett
  3. lol Er ikke sikker på om Ruben setter pris på den type støtte, men det store skiltet hans har definitivt en litt spesiell "feel".

    SvarSlett
  4. Dei har fjerna den verste reklamen no, men biletet er brent inn på mine netthinner. Eg vil aldri la den mannen gje mine barn ein klem, slik er det berre ;-)

    SvarSlett