onsdag 16. juni 2010

Brenn Jesus, Brenn!


Ingen skal seie at mullaen ikkje sett pris på dei kristne. Dei tar feil, men kristendommen har gjett oss mykje bra, og var ein bra forgjengar til Islam, som forståeleg nok har ein sentral plass i vår moskè. Koranen lærar oss at vi skal ære og verne om dei kristne, då dei er bokas folk. Koranen lærar oss òg at dei er ein smule sinnsforvirra fordi dei driv med fleirgudsdyrking og tilber profeten Isa, eller Jesus.

Det er ikkje opp til oss å dømme dei for dette feiltaket det vil Gud handtere sjølv. Slik som når han sett fyr på den det falske idolet. Den enorme statua av "Kongenes konge" langs "Interstate 75" vart råka av Guds vrede i form av eit lyn, og tok fyr. Kristenfolket i kyrkja som eig den gyldne kalven sverger på at dei skal byggje den på ny. Ein allmektig Guds arbeid er aldri over, kva skal han råke no for at dei skal ta poenget? Har nokon tatt ein kikk på høgda over Rio de Janeiro?

For all del, eg seier ikkje at det var Gud sjølv som råka statuen, men han kan ha delegert ansvaret til ein av dei mindre gudane som Tordenguden Tor, Nodens, Nyarlothothep (dog han er nok opptatt med å styre USA for tida) eller Hello Kitty. Eg har eit alibi for tidspunktet, så ikkje sjå på meg. Det viktigaste er at det vart gjort.

ALLAHU AKBAR!

3 kommentarer:

  1. Jeg tror det var noen av the great old ones fra verdensrommet som slo til. Neste gang tar de kaabaen.

    SvarSlett
  2. Nå er det vel muslimene som sier at Isa var en profet, Oh Mullah?

    SvarSlett
  3. Even: Om ikkje Allah er ein great old one skal eg ete sokkene mine på dommens dag!

    Svein: Ja, nemleg! Og kristenfolket er litt forvirra som tilber han *riste oppgjeven på hovudet*

    SvarSlett