tysdag 22. juni 2010

Bybaneopning tiltrekk kjendisar

Dette er ein historisk dag i Bergen. Bybanen har opna, eller Trikken 2.0 om du vil, frå Sentrum til Nestun (og attende, dersom du lurte). Og dette er noko ein i Bergen har venta lenge på, då behovet for å betre den kollektive transporten heromkring verkeleg har vore presserande. Særleg for dei utanforliggjande bydelane, der eit stramt busstilbod har vore til stor irritasjon for mange.

Ein slik gledens dag tiltrekk seg båe sosietet som Drottninga som maste seg til eit sete på den første offisielle turen, og politikarar som Vidarkleppe, som i lag med det vi må anta er Framstegspartiets ungdom ville gje uttrykk for folkekravet om å få stogga utbygginga av den ferdige Bybanen. Dei er visstnok ikkje heilt begeistra for miljøvennleg offentleg transport, eller noko slikt. Dei stilte opp mannssterke, heile tre mann... så det var ikkje rart at minst ein politimann måtte halde dei attende. Dei kunne jo ha forstyrra langt meir celebre gjestar - då eg høyrer at sjølve Kakemonsteret var til stades, sjølv om han kanskje hamna i skuggen av Noregs kanskje mest kjende Bergenser, her sett på Bybanen ilag med byens tidlegare borgermester, Friele.

Ja til meir Gullars!

5 kommentarer:

  1. Kaptein Sinnsfrisk23. juni 2010 kl. 02:18

    Ja til meir Friele! Gje mannen tilbake borgermesterblingen den personlegdomslause herr Bakke har stelt frå han.

    SvarSlett
  2. Friele er ein artig skrue, men det er nok Gullars som burde hatt borgermeisterblingen. Eit tema Gullars burde ta opp på Absalong, kanskje?

    SvarSlett
  3. Kaptein Sinnsfrisk24. juni 2010 kl. 03:42

    La oss heller få Hermann inn til å preike om korleis han burde tillatast å ete all puddingen han ville og kosast glugg i hel av Marianne og Indigo.

    SvarSlett
  4. Har Kapteinen eit forhold til Friele han vil snakke om? :-P

    SvarSlett