måndag 7. juni 2010

Frå barnsbein av

Det er eit mistak å tru at pandaer er som menneske, eit samansatt produkt av arv og miljø. Pandaer er ikkje menneske, dei er dyr. Dei er sin natur. Dei er eit produkt av arv, og ikkje meir. Og av natur er pandaer blodtørstige beist, og menneskas naturlege fiende.
Dei er òg i stand til å lure oss. Deire telepatiske evne til å kontrollere vår instinktive frykt til ei kjensle av at vi ser noko søtt. Forskarar i motstandsrørsla mot Pandamonium studerar no om dette kan skuldast eit hormon dei skil ut, men då dei òg har same effekta på avstand og i fotografi, er det mykje som tyder på at om dei ikkje styrar oss telepatisk, så er dei i stand til å kondisjonere oss. Berre sjå på den stakkars kinamannen, fullstendig ute av stand til å sjå at denne pandayngelen faktisk gjer seg klar til å gå til åtak på han, og bite av han trynet. Og han ville ikkje vere det første offeret for pandabrutalitet.

For pandabrutalitet er noko vi kjem til å sjå meir og meir av framover etterkvart som dei førebur som ei blodig maktovertaking. Vi er godt kjend med deira pandakommandoar og deira amfibiske pandastyrker, og vi veit at driv våpentrening. Motstandrørslas spionar kunne nyleg avsløre nok eit grep i arsenalet av skitne triks. Med livet som innsats har vår agent kunne snike seg inn på eit løynd pandatreningsleir, der dei no har tatt andre dyr som slavar til bruk i deira kamp for å undertrykke menneska. Og nok ein gong har dei stelt ideen frå oss. Ja, ver vitne, for første gong, til pandakavaleriet!
Frykt for framtida, men ta til våpen! Vi vil ikkje gje etter for Pandamoniums brutalitet! Dei kan trene så mykje dei vil, men vi vil møte dei - mann mot panda, og hest mot hest! Vi er klare! Og vi har ingenting å tape!

4 kommentarer:

  1. Pandaer er ikkje menneske, dei er dyr skriver du. Men er ikke vi mennesker dyr? Jeg venter i spenning på klargjøring fra mullaen i dette grunnleggende eksistensielle spørsmålet.

    SvarSlett
  2. Mitt teologiske standpunkt er sjølvsagt at i motsetnad til pandaer og ekorn, har menneske og kattar ei sjel.

    SvarSlett
  3. Kaptein Sinnsfrisk9. juni 2010 kl. 03:29

    Ekorn! Forbanna beist heile gjengen. Heller må vi ikkje gløyme vombaten. Eit syndig snyltandes vesen som forpestar livet til ekskriminelle og hoppande rotter på dagleg basis. Dei gjer det av maktlyst og reinspikka hat.

    SvarSlett
  4. Vår klode er sanneleg full av forræderiske dyr! Men vi skal gjere motstand!

    SvarSlett