søndag 13. juni 2010

Vi har sett Prince of Persia

Ja, ein kan jo ha eit par forventingar når Prince of Persia kjem på storskjermen. Det er berre særs viktig å ha dei rette forventingane. Forventingar om at det vil involvere ein stad kalla Persia, ein prins og ein skalla Vizier. Det må òg vere ein del hopping, og gjerne litt springing på vegg om er av dei tilbøyligheitar.

Slik sett har Jordan Mechner klart å omsette sitt klassiske spel til filmversjon ganske bra. Han utgav sitt første Prince of Persia-spel til AppleII i 1989, og fleire konversjonar følgde. Det var òg eit av dei første spela som mullaen vart totalt oppslukt av som barn. At Mechner hadde ambisjonar om å lage film, og ikkje berre dataspel, vart tydleg i dei seinare versjonane av Prinsens eventyr som han var involvert i. Parallelt jobba han òg med eit filmmanus som han solgte inn til Jerry "Big Boom" Bruckheimer.

Resultatet er altså ei relativt underhaldande smørje utan så mykje innhald. Og når det gjeld innhald så skal ein jo vere frykteleg varsam med å etterlyse historisk korrekthet. Så det gjer vi sjølvsagt ikkje. Det kan likevel vere greit å komme med eit par opplysingar til andre som har sett filmen, og som tenkjer å sjå den. Det er følgjande.

- Det er persiske storriket, slik som vi får inntrykk av at dette er satt til, eksisterte før Islam oppstod som religion. Ikkje at religionen i filmen vert namngjeven, men det kan vere greit å kunne er det ikkje? At Persia seinare vart ein viktig region i Islam er sjølvsagt greit å få med seg. Ei heller at riket vi møter er det tradisjonelle storpersia då, sidan den visstnok skal foregå mellom 500 og 600. Framleis før Islam. Sjå komende punkta.

- Alamut er ein ekte stad. Det ligg dog ikkje i utkanten av Persia, ei heller utanfor, men i fjellområda mellom Iran og Irak, og slik midt i Persia. Det var heller ikkje ein stor by, men eit festningsverk.

- Alamut var den mytiske heimstaden til den gamle mannen i fjellet, den segnomsuste leiaren av Hashasiyyin-ordenen, assassinarane. Dei var muslimar, og eksisterte soleis ikkje samstundes som Persias stordomstid, eller i det 6. århundret. Dei herja vilt under korstogane, og det er derifrå vi vart kjend med dei som snikmordere. Dei tok heller ikkje festningsverket som sitt eiga før rundt 1060.

- Det stemmer at assassinarane nytta narkotika, i følgje fleire kjelder. Dei nytta særleg hasj (derav namnet ifølgje nokre kjelder) i innviingsrituala sine.

- Medan assassinarane var ein mystisk sekt, og slik kan lett knyttast til sufismen, så var dei ikkje tyrkiske dervisjar.

- Dervisjar er kule... men dei klarar ikkje å lage virvelvinder i ørkenen. Sjølv ikkje om dei er kledd i svarte og er mektig skumle.

- Mahatma Gandhi var aldri Vizier i Persia. Han var "a sexy beast!"

Og med det avsluttar vi dagens historietime. Kos dykk med filmen.


Som de ser er vi i gang med å tukle med designet i bloggen. I løpet av somaren vonar vi at ting vil ta seg bra ut. Kom gjerne med innspel om kva de vil sjå av statiske sider og informasjon.

5 kommentarer:

  1. Fet, asså! (Den nye lay-outen:))

    SvarSlett
  2. Tror nok ikke jeg kommer til å se filmen.. Jeg får allergiske reaksjoner når jeg ser ordene "produced by Jerry Bruckheimer and Disney".

    Men spillet er bra!

    SvarSlett
  3. Må være enig i at filmen var ganske lik spillet. Å se den var faktisk litt som å spille spillet uten å ha noen slags kontroll over det som skjer.

    Det er vel derfor prinsen i filmen bare dør en gang?

    SvarSlett
  4. Svein: Takketakk.

    Øystein: Spelet er bra, ja. Og allergiske reaksjonar forstår eg godt... men det er vanskeleg å unngå Jerry Bruckheimer. Mannen har infisert alt av film om dagen.

    Supermarina: Då meiner du at filmen er lik det fjerde spelet, ja? The Sands of Time. Heilt einig. Originale Prince of Persia er jo pittelitt annleis, og eg er nok mest glad i dèt. Vart for eit par år sidan relansert til xbox live arcade i HD-grafikk til mi store glede.

    SvarSlett
  5. Originalen var absolutt best!

    SvarSlett