måndag 12. juli 2010

Blekkspruten Paul si karriere

Eg har forstått det slik at verdsmeisterskapet i fotball er over og av vuvuzelaane no er lagt på hylla for denne gong. Det er trygt å stikke nasa ut att i verda, og vi er alle klar for å spele cricket og andre meir høgverdige sportsleikar att. Det er gode ting!

Eg har forstått det slik at dette verdsmeisterskapet gav blekkspruten Paul sine 15 minutt med kjendiseksistens. Og det i ein arrangert tvekamp med sjølvaste Snåsamannen, Noregs godsnille spåmann og sjarlatan. Og ikkje berre det, men Paul rundjulte Snåsamannen, som på tross av gode odds klarte å trekkje feil namn ut av rumpa når han skulle spå ein vinnar av verdsmeisterskapen.

Snåsamannen burde vete betre. Paul er ikkje ein sjarlatan, eit menneske som må svindle seg framover. Paul er ein blekksprut, og lev i ein heilt annan dimensjon enn oss. Hans eksistens er på eit heilt anna nivå. Han eksisterar på fleire tider samstundes, og det er løyndomen bak hans spådomar.

At denne tyske blekkspruten brått vart upopulær og mottok dødsstrugslar for å ha spådd at Tyskland kom til å tape, er heller ikkje noko nytt for han. Det har han opplevd før, som de kan tyde av denne eldre avisframsida.

3 kommentarer:

  1. *knis* Eine pederastische oktopus! :D

    SvarSlett
  2. Men det vi bør spørre oss om er om Pauls pleiere og oppassere i det siste har fått uforklarlig mange sterke mareritt og om de viser en tendens til særdeles utagerende festing ispedd noe liknende tungetale? Vet vi i det hele tatt hva som skjer med de stakkars sjelene nå som oppmerksomhetens lys har fjernet seg?

    SvarSlett
  3. KEE: eg vil anta at Paul, i tråd med sin natur, nærar seg på sine påpassarar sine mareritt.

    SvarSlett