tysdag 20. juli 2010

Crusade, circa

I går nemnte eg at eg hadde tilbragt deler av min somarferie med å nyte min favorittserie, Babylon 5. Når serien no endeleg er over, og alle filmane, inkludert A Call to Arms er fortært, står sjølvsagt oppfølgjarserien Crusade for tur. Crusade fekk aldri sjansen til å verte ein suksess, då produksjonen frå dag ein vart plaga av små post-it lappar frå Ted Turner sitt TNT som skulle vise serien. Dei ville ha meir vald, og meir sex. JMS, skaparen av godsakene, vart til stadig pressa opp i eit hjørne, på eit vis som han aldri vart hjå Warner. Kanskje fordi dei aldri hadde rekna med at Babylon 5 ville bli ein suksess, når det så var eit tilfelle insisterte det nye tv-selskapet på at her måtte dei vere med å styre formularet. Serien måtte opne med nevekamp, og den måtte ha sexscener. Sistnemnte skviste JMS inn med at ein av hovudkarakterane satt og glante på noko heller besunderleg pornografi. For han hadde andre planar for serien; lik B5 ville første sesong spele på folks forventingar. Publikum visste dei ville få ein ny 5 års historie, og når mannskapet om bord på Excalibur hadde fem år med å løyse si gåte, virka det jo openbart kva som kom til å skje. Ein kunne vente seg ein Star Trek-liknande odysse...

Men vi som har lest manusa til dei ufilmatiserte episodane, inkludert manuset til sesongavsluttinga, samt fått høyrd kva JMS hadde planlagd for dei resterande fire åra, veit at vi hadde ein heilt anna heisatur framfor oss. Serien skulle følgje i Babylon 5 sine fotspor, og utforske konsekvensane av dei makropolitiske omveltingane i den serien. Og sjølve oppdraget til hovudkarakterane ombord på Excalibur? Jo, det ville dei løyse allereie det første året av sine fem år. Resten av serien skulle dei tilbringe på flukt frå sine eigne myndigheiter.

Dette er ei historie vi aldri vil få fortald på skikkeleg vis, for JMS måtte til slutt gje tapt for kommersielle krefter. Og i staden for å gje etter for krav eller å inngå kompromiss med skaparverket valte han å sette serien ut på anbod. Rykta vil ha det til at dette var målet til TNT, og at dei difor mellom anna forlangte at serien skulle innehalde ein valdtekt av den kvinnelege hovudrolleinnehavaren, godkjend av den mannlege - dette ville sjølvsagt ikkje JMS tolerere. Crusade vart kjøpt opp av Sci-Fi Channel (No SyFy), men det viste seg kort tid etter at dei ikkje hadde råd til å produsere den. Alt stogga opp. Og vi satt att med 13 episodar, vist på fjernsyn i eit heller forvirra rekkjefølgje. Den same manglande vilja til kompromiss, var det som vraka The Memory of Shadows, kinofilmen som Warner Bros skulle produsere, alt var klart for innspeling, då det viste seg at WB ville skaffe nye skodespelarar til kjende figurar for serien. Dette nekta JMS, og valte heller å stogge produksjonen enn å gå med på krava.

Hans kamp mot det kommersielle tyranniet er sjølvsagt filmatisert;


Ser man det, eg klarte å finne meir Babylon Park-relatert moro.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar