torsdag 1. juli 2010

Din mulla i avhøyr

Din mulla måtte inn til avhøyr i den sjarmerande saka som vert rulla opp rundt moskeen. Det måtte til, etter at han vart observert på overvakingskamera på eit (u)beleilig tidspunkt, for å ikkje snakke om på ein litt uheldig stad. Bileta av meg sirkulerte nokre dagar, før nokon våga seg til å avsløre min identitet. Så inn til avhøyr bar det.

Vi kan jo alle førestille oss korleis det foregjekk, ja?

Eit mørkt og dunkelt rom, ein streng politikvinne beordrar dykkar mulla om å sette seg ned, og han gjer så.
- Du er Mad Mullah Hastur? Spør politikvinna, og sett blikket i han.
- Ja, ja? Det er meg. Snill og vennleg, mulla, det er meg!
Dama rotar fram nokre papir.
- Du har blitt sett! Du har blitt identifisert! Sjå her!
Ho snur PC-skjermen sin og viser bilete av mullaen som hentar posten sin ved åstaden.
- Eg måtte hente posten.
- Måtte du? Kvinna freistar å stirre mullaen i senk.
- Ja?
- Eller måtte du... hente eit drapsvåpen?!
- Hæ?! Kva?!
På dette tidspunktet kastar kvinna seg over bordet og grip tak i mullaens skjegg, og røsker til!
- AHA! Det var det vi visste! Det var ekte!
- AU! Hæ?!
Ho byrjar å famle brutalt med skjegget, medan mullaen prøver å slå henne vekk med litt forpostfekting. Vassekte Gay-fu ville nokon kalle det, men dei tar sjølvsagt feil. Det er intet anna enn eldgamal sufi kampsport. Det var likevel til inga nytte, trent i skjeggtafsing som politiet er i dag, og ho dytta til slutt mullaen attende i stolen med ein skuffa mine.
- Så... du har ikkje kniven i skjegget nei? Kva var den dufta?
- Kniv? Duft? Ehh... shampooen... Hello Kitty shampooen min.
- Sjå der, ja. Du har vaska skjegget for blod? Og kvar er då kniven?
Mullaen stirre på henne, sjokkert og skamfull etter handteringa av mullapryden, hans ære besudla. Alt han kan gjere er å hipse på skuldrane for å indikere at han ikkje veit. Døra vert opna, med eit olmt blikk.
- Mad Mullah Hastur?
- Ja?
- Du har vel ikkje noko band til mulla Krekar vel?
- Uhm....
- Tenkte meg det! Kva tid var du sist i Kurdistan?
- Eg har aldri...
- Afghanistan?
- Eh... nei, altså...
- Irak?!
- Eg har vel ikkje vore i Irak. Ikkje i nokon av desse stadane.
- Kva er di forbinding til Sudan?
Han teier. Han burde ikkje nemne Sudanese People's Liberation Army... Og det vert stille.
- Kan eg gå no? Spør han varsamt...
- Ikkje forlat byen, var alt kvinna sa i det ho dytta han ut døra. I det han for ut, førte ho opp Hello Kitty-shampoo på handlelista.

Ja, det er slik vi alle ser det for oss, sant? Men eigentleg var ho veldig koseleg, og hadde god forståing for at mullaen korkje hadde gøymd kniven i skjegget eller sett noko spesielt, sliten etter arbeidsdagen som han var då han valsa over åstaden rett før det braka laus. Diverre lot ho ikkje meg ta bilete av henne, eg fekk heller ikkje ta med meg bileta av meg sjølv frå overvakingskameraet, så då måtte det bli slik at fantasien fekk fritt spelerom her. Og ver ærlege no, det foretrakk den første versjonen, sant?

10 kommentarer:

  1. De er ikke like hyggelige når de har fått det for seg at du faktisk har gjort noe de ikke mener at du burde ha gjort... ;)

    SvarSlett
  2. Prøv å vere like sjarmerande og hyggjeleg som din mulla, så går det bra, veit du ;-)

    SvarSlett
  3. Det lar seg ikke gjøre. Forøvrig: når man starter avhøret med å faktisk svare på spørsmålet om hvilke politiske sympatier man har, så er man fnarked. :P

    SvarSlett
  4. Ja, men eg unngjekk det spørsmålet, sidan eg introduserte meg som mulla med ein gong ;-)

    SvarSlett
  5. Bloggen din er frykteleg underhaldande, o store mulla. Rett i Google Reader med deg!

    SvarSlett
  6. Først no? Det var jo lovleg seint, ditt naut ;-)

    SvarSlett
  7. Eg har følgd deg i skjul ganske lenge, men no er det på tide å kome ut av skapet.

    SvarSlett
  8. Ikke så mye som et lite mullaløft engang? Skuffende innsats av norsk politi - de bør ansette Shabana Rehman snarest, for å ha et lite overtak (undertak, løftetak, kvelertak...) i saker som angår mullahers delaktighet i hverdagskriminalitet.

    SvarSlett
  9. Eg er ingen lettvekter som Krekar, dei måtte gje opp å løfte denne karen. Dei hadde ikkje nok kvinnfolk på huset ;-)

    SvarSlett