tysdag 27. juli 2010

Ein dæsj kawaii

Delar av dagane mine går for tida med til å sette meg inn i det japanske Kawaii-omgrepet. Eit harmlaust, men tydingsfullt ord som nyttast for å karakterisere noko som søtt. Ulike forklaringar tatt i bruk for å forklare kvifor ordet, og søte gjenstander og aktivitetar, har ein slik vedvarande popularitet, særleg blant dagens vaksne japanerar. Noko av det handlar vel om at den nolevande generasjonen ikkje lenger treng å verte vaksne og seriøse i same grad som før, og idealet no heller mot det ungdommelege. Å nytte eit barnleg uttrykk som kawaii, og å gje uttrykk for ein barnleg eller ungdommeleg smak, vert eit ideal. Ein annan faktor er at ordet kan nyttast på alt, og om ein ikkje vil fornærme sjefens ramstygge slips når han spør kva du tykkjer, kan du alltids svare kawaii, og sleppe unna med det. Ein annan forklaring er sjølvsagt at japanerar er sprut gærne og borderline pedofile heile hurven.
Sjølve flaggskipet for Kawaii-kulturen er sjølvsagt vår gudinne Hello Kitty. Som nyleg har ekspandert området det tar av kontoret mitt. Godteri, linjal, blyantar og penner er berre noko av det som no tar opp mitt lille Kawaii-altar.
Berre slik som hør og bør. Sjå på det som naudproviant om eg nokon gong skulle bli innelåst på mitt lille kontor. I lag med Hello Kitty, har eg sjølvsagt gjett plass til to karar som demonstrerar at òg den koreanske halvøya meistrar Kawaii.
Ja, om ikkje dei to karane er Kawaii så veit eg ikkje. Far og son. Kim Il-Sung og Kim Jung-il. La oss kalle det Juchekawaii... med ein dæsj Songunkawaii.

7 kommentarer:

  1. Prinsesse Kristine31. juli 2010 kl. 19:10

    Kawaii!!
    http://bit.ly/cRxuAW

    SvarSlett
  2. Vakkert, Kristine! Vakkert! Simpelthen Kawaii!

    SvarSlett
  3. Prinsesse Kristine31. juli 2010 kl. 19:12

    Lenge var ikke så enkelt, nei...
    Prøver igjen: http://bit.ly/cRxuAW

    SvarSlett
  4. Prinsesse Kristine31. juli 2010 kl. 19:15

    må skrive rett på første forsøk og. Ingen angremuligheter her, nei... man lærer. Kawaii!

    SvarSlett
  5. Jeg er den stolte eier av en sanrio corp hello kitty "personal massager"..

    Noe fon den unge herr Mullah?

    SvarSlett