torsdag 22. juli 2010

Ein frekk dino på veggen

Av brukskunst, så er vel gjerne det gjevaste som er tilgjengeleg til no, denne mullaøyrepynten (framleis ein att). Dette vil sjølvsagt endre seg i framtida, og eg har høyrd frå folk som vil lage båe USB-pinner og leiketøy for vaksne, og eg har allereie i mine hender prototypen på ein Mad Mullah Hastur intimsåpe som nok vil slå an. Ein prototype på ein statue som skal produserast i begrensa opplag har eg sett bilete av, og eg var mektig imponert. T-skjorter og anna eksisterar for dei som er interessert, men det er jo ikkje akkurat brukskunst. Nei, for brukskunst må ein ty til nettstader som Etsy, der kreative sjeler dykk ned i sin eigen psyke for å produsere gjenstander vi kan dekorere oss sjølv og våre heimar med.

Dette fullstendig uavhengig av kva spørsmål dette tvingar fram angåand deira psyke. For all del, vi her i moskeen er like glad i dinosaurar som alle andre. Store reptilar som tygg hovudet av kvarandre og tidsreisande menneske, kva er vel eigentleg kjekkare enn det? Og vi kan glatt sjå for oss både klesknaggar og veggur som tar i bruk deira form, litt mindre sikre er vi i moskeen for nøyaktig kvifor vi skal ha akkurat ein av desse på veggen.
Det må vel vere av strengt estetiske omsyn ein vel å ha ein masturberande dinosaur på veggen. Produsenten lover at dei alle er "handlaga", og at ingen dinosaur er like. Faktisk kjem dei i vidt ulike dinosaurartar, og han hevdar å ha byrja produksjonen av masturberande gorillaer, pandaer, nashorn, elefantar og flodhestar, samt parrande zebraer. Vi har ikkje vågd å sjekke...

Ja, så mykje for eit djupdykk ned i psyka til kreative sjeler.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar