måndag 26. juli 2010

Ein skulptur er fødd

Du har kanskje kjøpt eller vurdert å kjøpe mullaøyrepynt? Kanskje du ikkje har kjøpt fordi du ikkje har hull i øyra, eller fordi du har ingenting som er så vent nok til å gå attmed dei. Tru meg, eg forstår problemet og skulle gjerne ha hjulpet med det, men det er diverre ikkje eg som står for produksjonen av slikt.

Den gode nyhenda er at dei som faktisk driv med slikt, forstår problemet òg, og jobbar på spreng med nye metodar for at du kan ha meg inn i ditt liv fysisk, utan å ty til kloroform, rohypnol og utstopping. Ja, kva med å ha meg på stovebordet? Ein fabelaktig idè tenkte eg, og vart ikkje mindre overtydd då eg vart overrekt prototypen av Hasturskulpturen av multikunstnaren Vidar Mæland, kjend mellom anna frå dansebandsensasjonen Frode Vidars.

Han vonar at det vil vere nok interesse for denne til at det vert starta produksjon - kva seier de?

3 kommentarer: