onsdag 7. juli 2010

Eit stykke japansk filmkunst

Eg vil gjerne på ny orsake for gårsdagens innlegg. Det var ikkje ei lett avgjersle å leggje ut den videoen, men det måtte gjerast. Det er difor eg er her. For lyse opp i mørkret. Og mørkret skjuler mykje fælt og uforståeleg.

Eit av dei områda som oftast treng mi lommelykt er, som de veit, Japan. Japansk kultur er som ein eit stykke performancekunst, og du veit aldri heilt kva du får når du kikker bort. Nokre gonger er det ekkelt, andre gonger er det merkeleg erotisk, og andre gonger er det... intenst. Skikkeleg, skikkeleg intenst. Særleg er fleire av filmane deira prega av sterke historiske drama, som på livaktig og realistisk vis skildrer kampen mellom det gode og det vonde i ein særeigen Japansk kontekst. Som denne filmen den kjende amerikanske filmkritikaren Roger Ebert tipsa meg om i dag;

Det var ca. slik det skjedde... at Sjøstjernehitler var nedkjempa. På stranda. I Japan.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar