torsdag 15. juli 2010

Feilen ved det politisk korrekte

Vi er i feriemodus her i moskeen, som de sikkert skjønner. Ei veke eller to med deilig solslikking og bading i Bergens regnvatn, slik som hør og bør. Det tyder sjølvsagt ikkje at eg ikkje har dykk i tankane. Nei, eg sitt no her og grublar over livets mange mysterium og trivialitetar som alltid. Ofte handlar det om det klassiske: kva er feil her? For det er jo ikkje sjeldan ein sitt att med ei kjensle av at noko ikkje er heilt som det burde, sjølv om ein ikkje klarar å sette fingeren på det.

Ofte er det i møte med det mest stovereine og oppbyggjelege at det er vanskeleg å peike ut nøyaktig kvar feilen ligg. For alt er jo rett, er det ikkje? Når du har vaska vekk alt det som kan støte eller provosere, så sitt ein alltid att med noko som kjennast feil. Om du har sett på moderne barnetv, så veit du nøyaktig kva eg meiner med det. Eit glimrande døme på dette har min gode venn Lord Bassington-Bassington klart å oppdrive, og eg må ærleg talt innrømme at eg ikkje klarar å finne feilen her.


Om eg skulle ha laga barnetv, så var det vel slik eg hadde gjort det?

2 kommentarer:

  1. Thomas Myhrvang Gadourek17. juli 2010 kl. 05:30

    En langhåret svensk nynazist som leker med tøyflodhester? Hva faen...?

    SvarSlett
  2. Ehm... eg veit ikkje heilt om du forstod det.

    SvarSlett