torsdag 29. juli 2010

The Guild: Game On

Det er nok dei av dykk som avogtil stussar på at eg som mulla krydrar denne bloggen med stadige henvisingar og lengre innlegg om nye og gamle dataspel. Eg skammar meg ikkje over at eg faktisk er ein iherdig spelar av alle typer spel, enten det no er kortspel, brettspel, rollespel eller dataspel. Moro skal ein ha det. Så eg seier som dei flotte folka i The Guild; Game On!


<a href="http://video.msn.com/?mkt=en-us&amp;from=sp&amp;fg=shareObject&amp;vid=8cb424dc-cbdb-40be-90c5-8fb450462d2f" target="_new" title="Season 4 - Music Video - "Game On"">Video: Season 4 - Music Video - "Game On"</a>
De kjenner kanskje att The Guild frå Do You Wanna Date My Avatar?, som var ein musikkvideo eg la ut i fjor? Eller kanskje frå julehelsinga året før? The Guild er ein webserie av Felicia Day, som òg speler hovudrolla, og fortel historia om eit laug i eit online rollespel av type World of Warcraft som ein dag vert tvungen til å treffast i det verkelege livet. Dette fører sjølvsagt til ein heil del drama og spetakkel, og ikkje minst godhjarta komedie på bekosting av alle verdas spelnerdar. Enten ein spelar online rollespel eller ikkje, så er situasjonane og karakterane typer vi alle er kjend med, og som ein lett lærar seg å like på trass av deira grovt usjarmerande karaktertrekk. Serien, som no er i fjerde sesong, er gjennomsponsa av Microsoft og deira undergrupper som Zune og Xbox Live, og er difor gratis tilgjengeleg på nettet gjennom fleire videotenester. Så har du ikkje kasta deg over the Guild enno, så bør du nesten tenkje på å gjere det no.

Og for dei som allereie har sett alt som er laga, finnes det no òg ein teikneserie til sals gjennom din lokale Outland.

Eller du kan sette deg ned og spele noko? Du har godt av det. Og sidan du bur i eit av verdas rikaste land, så har du pinadø høve til det òg. Elsk dine privilegiar! Game on!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar