laurdag 31. juli 2010

The Man from Blackwater

Dette innlegget er eigentleg om John Hillcoat, regissøren som gjorde seg bemerka internasjonalt med "westernfilmen" The Proposition (forfatta av sjølvsaste Nick Cave), og som nyleg fekk gode kritikkar for sin film The Road.

Men for å forstå hans nyaste kortfilm, må ein først forstå Red Dead Redemption. Hittil eit av årets garanterte spelsuksessar. Dette konsollspelet frå Rockstar, knuppane bak Grand Theft Auto, kastar oss inn ein open verd i ein fiktiv westernsetting. Her følgjar ein John Marston på si jakt etter rettferd, og for å redde familien sin. Og på denne reisa kjem han utover allskens underlege personar, og vert nøydd til å overkomme ein del utfordringar. Slik som hør og bør i eit dataspel. Red Dead Redemption kombinerar GTA si opne verd, men ein gjennomført god historie og stemningsrik setting som ein glatt kan gå seg vill i med eit glis. Det er inga tvil om at dette spelet er eit must for eigarar av ein xbox 360 eller Playstation 3.

Kva så med dei som ikkje er interessert i spel, eller eig ei spelmaskin? Og kva med dei som ikkje kjøper alle dei nye fancye spela etterkvart som dei kjem ut?

Det er her John Hillcoat kjem inn. Han tok på seg å regissere ein kortfilm, som fortel hovuddelen av historia i spelet. Og det ved å nytte utdrag frå sjølve spelet, som han har klippa saman og "regissert". Resultatet fangar essensen av historia og stemninga, ved å presentere scener frå spelet på eit vis som gjer det til ein langt strammare narrativ enn det frislupne spelet er for spelarane. Så om du er i beit for ein liten westernfilm i kveld, så kan eg med glede presentere The Man from Blackwater regissert av John Hillcoat. Dei som held på å spele spelet, og ikkje har spelt det til si ende, bør kanskje la vere å trykke på play. God film folkens;

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar