torsdag 8. juli 2010

Men Tore kjem ikkje

I dag har det vore ei støttemarkering for bebuarane på asylmottaket i Lier. Du veit, desse som ikkje får bli, og ikkje kan bli sendt heim, og som difor vert plassert på heller kjipe brakkar og nekta å ha eit liv. Ja, det er eit komplisert spørsmål, og ein kan lett forstå at det å sette fyr å brakkane er eit usjarmerande og lite konstruktiv vis å få merksemd på. Likevel er det nok av grunner til at ein kan ha sympati med dei, og den situasjonen dei lev i. Dei forten faktisk meir merksemd enn dei får, og dei burde verte høyrd.

Difor var det i dag ei støttemarkering for dei. Og eg hadde sjølvsagt vener som var der (og ein god del vener som gjev blanke faen i båe støttemarkeringa og asylsøkjarane), men det eg er mest opptatt av, er dei som valte å ikkje å komme. Som Tore.
Ja, Tore Wilhelm Tvedt, den tidlegare leiaren for speidargruppa Vigrid var invitert til å vise si støtte til asylsøkjarane frå heile verda. Overraskande nok valte han å avstå. Kven skulle trudd det...?

... og viktigare, kven som skulle der hadde han på venelista si og inviterte han?

4 kommentarer:

  1. Hvem som hadde invitert ham? Jeg tipper på den alltid samfunnskritiske Armin Bahrami!

    SvarSlett
  2. Ja, han er ein naturleg kandidat. Han er jo alltid gira på vere med på sånn derre anti-etablissementgreier ;-P

    SvarSlett
  3. Kaptein Sinnsfrisk8. juli 2010 kl. 23:45

    Fanden?! Tore skal få friend request. Ein samlar jo tross alt på nynazistar på fjasern.

    SvarSlett
  4. Ja, gjer det. Lat oss få høyre korleis det går ;-)

    SvarSlett