fredag 30. juli 2010

Pandaane kjem!

Det er ei stund sidan eg har oppdatert dykk på den pågåane kampen mot Pandamonium, men uro dykk ikkje, vi kjempar til siste mann! Og motstanden vert berre sterkare kameratar! Som de veit er det kunstnarmiljøet - komikarar og teikneserieskaparar - at sanninga står sterkast. Dei som ser gjennom verdas mundane innpakking, gjennomskuar lettare Pandamoniums utspekulerte hypnose! Dette skjer ikkje utan at Pandamonium og deira agentar gjer motstand. Dei gjer kva dei kan for å stogge nokon som har sett sanninga, og vågar å utbasunere det. Dei skyr ingen midlar for å teie oss, men til inga nytte; for vi skal sigre! Berre høyr på korleis denne tapre trubaduren trassar kulturindustriens vokterar!

Med livet og karriera som innsats gav han alt, og fekk ut sanninga om desse groteske dyra! Pandaane kjem, og dei skal rive sund rumpene våre, men vi vil stå i mot! Vokt dykk alle saman! Vi har starta eit intenst treningsprogram av våre geriljasoldatar. Og programmet ser allereie resultat i det aukande antall trefningar mellom oss og Pandamoniums agentar! Berre sjå her på desse autentiske opptaka frå ein av våre nylege aksjonar!

Aksjonistane har sjølvsagt fått tildelt medaljar av edel sort, og det er snakk om forfremmingar. Deira familier bør vere stolte av desse tapre soldatane som felte denne fienden av menneskeheita.

Så fatt mot! Sigeren vil komme! Pandamonium skal knusast! Og når sola nok ein gong gryr på menneskeheita vil alle pandaar liggje døde!

2 kommentarer:

  1. Var en stund redd du hadde sviktet oss i denne viktige kampen, men nei!

    SvarSlett
  2. Eg gjev meg aldri! Ikkje før sigeren er garantert!

    SvarSlett