søndag 25. juli 2010

Politikk og musikk

Med musikk kan du nå folks hjarter på eit unikt vis, det er ei universell sanning, og kanskje årsaka til at religiøse mørkemenn gjerne prøver å sette ein stoggar folks nyting av aurale gleder. Men ta no dømet frå igår, med desse flotte blå burkajentene som formidlar eit bodskap om ein heit politisk potet på eit harmlaust og musikalsk vis. Slikt likar for, og det gjer dei sympatiske til deira bodskap. Kjend er det at fleire musikarar har engasjert seg politisk, enten det no er Bob Dylan eller Bruce Springsteen, eller for den saks skuld Eric Clapton som på 70-talet uttrykte seg rimeleg klart om å halde England for bleikfisar og få ut meir pigmenterte menneske frå øya. Overalt finn ein musikarar som enten leflar med politikk i ein og annan song, eller dei som gjer politikk til sitt viktigaste virke som U2 eller Laibach. Nokre musikarar, vel å verte politikarar på heiltid, slik som Ringo Starr som no jobbar under artistnamnet Ahmadenijad. Sjeldnare er det dog at politikarar kastar seg rundt og brukar musikk på same vis, om ein ser vekkifrå arbeidarpartipampar som leikar forsongerar på første mai. Og for alles skuld prøver vi å gløyme Siv Jensens forsøk på å synge i lag med Ole Ivars.

Men ein politikar, som eg stadig vender attende til for sitt musikalske talent, er ein liten mann med bart, som tok verda med storm. Kjend for sine fyrrige tekstar og energiske sceneopptredener, har Doffen blitt standarden alle politikarar må måle seg etter når det gjeld musikalsk gjennomslagskraft.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar