onsdag 28. juli 2010

Ringo ut mot Paul!

I dag kunne Dagbladet melde at Mahmoud Ahmadenijad, tidlegare kjend som Beatles-medlem Ringo Starr, har gått ut mot blekkspruten Paul som spådde i resultata av årets fotball-VM. Dagbladet freistar å sette dette i kontekst av Ringo Starrs muslimske tru, og avvising av folketru: "Ahmedinejad beskylder blekkspruten for å spre «vestlig propaganda og overtro»". Ringo hadde sjølvsagt gjort heilt rett i desse anklagane, det er uislamsk å sysle med slikt - men om dette var det som var den sanne agendaen, kvifor har han ikkje sagt eit kløyva ord om Snåsamannen enno? Tenk på det.

Nei, her er det meir enn berre eit åtak mot overtru, her er det ein rein aversjon mot sjømat først og framst. Fullstendig forståeleg. Det luktar. Og ingenting luktar like ille som ein blekksprut som har vore i medias søkjelys så lenge. Medias søkjelys er som kjend ganske heitt. Og Ringo tapar ikkje sjansen for å påpeike samanhengen mellom denne lukta, og hans reelle opposisjon. Han "mener blekkspruten er symbolet på forfall og forråtnelse blant «sine fiender»". Forfallen og råten blekksprut... med namn Paul.


Det er ingen tvil, Ringo Starr har kasta handsken og utfordra sin tidlegare bandkollega Paul McCartney til tvekamp. Kven av dei er den største Beatle? Og kven er den råtne blekkspruten! Det er det som er spørsmålet her.


Kva dette har med fotball-VM å gjere, må neste Dagbladet svare på. Tulleavisa.

3 kommentarer:

  1. Kaptein Sinnsfrisk28. juli 2010 kl. 22:35

    Kawaii!

    SvarSlett
  2. Ah, jeg hadde håpa at du skulle si noe fornuftig om dette. <3

    SvarSlett
  3. Skulle berre mangle! Dette er trass alt fornuftas høgborg!

    SvarSlett