fredag 23. juli 2010

Slørfetisj

Slør er i slaget. Enten du no kjem dragande med hijab, burka, niqab eller eit heilt vanleg skaut, så vert du i dag eit heitt emne i Ummaens utkantstrøk. Ein kan snakke om ein slørfetisjisme eller eit hijabfetisj, om ein ser på korleis visse muslimske miljø og vestleg presse er fullstendig fokusert på korvidt ei kvinne dekker til sitt hår, eller resten av kroppen. Så lenge eg ser auga, så er det ikkje så viktig seier no eg. Vi er som kjend ikkje overfladiske her i moskeen, og går du i heildekkande niqab, så kan vi alltids sjå med hendene om det er noko vi lurar på.

Men hijabfetisjisme kan ha eit heilt anna opphav enn religion eller frykt for denne religionen, for nokon er det faktisk eit ærleg seksuelt fetisj. Slørkledde haremskvinner er og blir eit erotisk ideal, og kva mann har ikkje vandra heim frå strippeklubb skuffa av di han ikkje fekk sett ei framføring av dei Sju slørs-dans? I denne forstand er slørfetisjismen eit uttrykk for ein erotisk orientalisme, ei erotisering av det eksotiske austen. Den austlege kvinna er tildekt, på same vis som austen, noko som den vestlege mann ikkje kan erobre og avduke utan vidare.

Ein annan form for slørfetisjisme er den som knyttar sløret til kvinnas posisjon som underdanig mannen eller som hans eigedom. Sløret vert ein form for bondage, til erotisk glede for både mann og kvinne, på same vis som det tradisjonelle brudesløret i europeiske brudlaupsseremoniar.

Ein skal heller ikkje sjå vekkifrå den enkle forståinga av slørfetisjisme. Det er sexy. Ein burka eller niqab framhev dei mørke eksotiske auga til kvinna. Hijaben gjer likeeins med hennar andletstrekk.

Meir om slørfetisjisme kan de lese på WikiIslam.

Uansett kva ein tykkjer om slør, hijab, niqab og burka så er det eit fenomen som er komen for å bli - i det minste som samtaletema. Ein heit potet som ein må forhalde seg til, på eit eller anna vis. Så kvifor ikkje gjere som desse "jentene frå Kabul", og synge om burkaen, den blå-blå burkaen?

4 kommentarer:

  1. Så lenge vi mennesker kan få ha på oss hva vil vil, så er det helt ok for meg. Jeg støtter damene i bandet over her som er et protestband, og jeg støtter damene som ønsker å gå kledd i burka, hijab og niqab.
    Promoterer min egen blogg om tema:
    http://batcheeba93.blogspot.com/2010/05/hijab-unveiling-feminism.html

    SvarSlett
  2. Eg støttar alles rett til å gå gledd anstendig og pent. Det er nok av folk som har ein klesstil som får blod til å renne frå auga mine. Så det så.

    SvarSlett
  3. mullah jeg tror du er inne på noe her. hele mote landskapet er fetisjistisk.

    SvarSlett