måndag 5. juli 2010

Til botns i egyptologi

Tidlegare i år deltok eg på eit heildagsseminar i egyptologi, i regi av Norsk egyptologisk selskap. Egyptologi er, som mine oppvakte lesarar er klar over, studiet av oldtidas Egypt. Det er eit fleirdisiplinert felt, der arkeologar, historikarar og språkforskarar jobbar saman om å avduke denne mystiske sivilisasjonens løyndomar. Frå dei første faraoar til det greske dynastiet til romersk provins, finn ein tusener av år med skattar å avdekke. Og då snakkar vi ikkje berre om høgst reelle og fysiske skattar i godt vokta gravkammar, men òg eit glimt inn i politikk og mellommenneskelege samspel i sivilisasjonen som gav oss dei mektige pyramidane. Sex og kjønsroller var difor eit særs viktig tema på dette seminaret, dog dei ikkje gjekk så mykje i djupnaden som eg kunne ha vona.

Heldigvis delar eg mi interesse for egyptologi med min gode venn Lord Bassington-Bassington og hans alltid flittige sekretær, og dei har gravd opp banebrytande forsking på feltet. Ja, for medan romarane nok var dei første som skapte teikneseriar i moderne innbunden forstand, så var egyptarane først ute med meir... vågale skildringar òg.

Eit spanande felt altså, for å engasjere deg i slik egyptologi anbefalar eg eit medlemsskap i Norsk egyptologisk selskap.

1 kommentar:

  1. Det minner meg om han som presenterte kjæresten for sin tunghørte bestefar, og sa:
    - Ho e frå Fitjar!
    - Ja, ho he vel det, sa bestefaren.

    SvarSlett