fredag 2. juli 2010

Vuvuzela til besvær

Eg var kanskje litt kjapp i min gjennomgang av det pågåande verdsmeistarskapet i fotball som i denne stund foregår i Sør Afrika. Her er det openbart mykje å gripe tak i, som Nyhetsspeilet som kan avsløre at ikkje berre er fotball VM ein del av planen i Sions Vises Protokollar og dei fleste resultata forutbestemt av den store planen, men det er òg visstnok kjempemoro likevel. Tru det eller ei.

Mesteparten av fokuset ligg framleis på det irriterande blåseinstrumentet, vuvuzela, som verkeleg har gått av med PR-sigeren i dette verdsmeistarskapet. Det er dei som har latt seg irritere, og ønskjer å forby instrumentet og ulyden det lagar, men, som Astrid Meland har tatt for seg, så vert dette motsagt av dei som meiner at eit forbud er eit uttrykk for vestleg kulturimperialisme. Ja, for dette er ein eldgamal tradisjon, og eit uttrykk for sann folkekultur. Som folklorist vil eg personleg hevde at dette er reinspikka vrøvl. Kanskje det ligg noko meir bak? Noko ingen av oss hadde venta... kanskje det er Illuminati og bibelspådomar?

Jommen sa, eg smør... la oss forøvreg berre sjå vekkifrå at vuvuzelaen òg lagar lyd når du veivar den i lufta. Uansett... etter dette treng eg smertestiljande. Ibux! No!

4 kommentarer:

  1. Fin sak, og absolutt tankevekkende. Da jeg i bekymring fortsatte å lete etter beviser mot vuvuzelaen og dens hjernevaskende effekt fant jeg beviser for at den også har spredd seg til andre verdener, hvor den til og med forsøker å spille på begge sider. Altså hjernevask ved at den lurer alle parter til å tro de har den i sine hendre mens de i realiteten ødelegger hverandre for at det jeg bare kan gå ut i fra at må være Illuminati, skal kunne ta over! Så vidt jeg husker var det et Øye med i denne også, bare se:

    http://www.youtube.com/watch?v=R8JGhoVybkM

    Oh, the horror!

    SvarSlett
  2. Du er absolutt inne på noko der, og særleg skummelt er dei norske flaggane som vaiar der i eit par sekund mot slutten.

    Farefulle tider.

    SvarSlett
  3. Det er faktisk enda mer lokalt enn du har fått med deg, om du ser etter så har den første fyren som dukker opp et Brann-skjerf rundt halsen. Jeg er redd de alt er å finne i ditt nærmiljø!

    SvarSlett