måndag 2. august 2010

Basil Marceaux (Dått kåm), ein vassekte politikar

Båe delstaten Tennessee og det republikanske partiet har gjett oss ein del verkeleg interessante tilfeller av menneskearten oppgjennom åra. Og no medan republikanarane står klar til å plukke opp restane av eit impotent demokratisk parti, og ein forfjamsa kenyanar i Det kvite hus, er det godt å vete at dei stiller med det beste dei har. Som til dømes i guvernørvalet i Tennessee, der Stephen Colbert har sett seg ut to solide kandidatar.





The Colbert ReportMon - Thurs 11:30pm / 10:30c
Republican Gubernatorial Primary Battle Watch '010 - Tennessee
www.colbertnation.com
Colbert Report Full Episodes2010 ElectionFox News
Det er sjølvsagt Basil Marceaux (Dått kåm), som segler opp som ein klar favoritt her. Og det med god grunn for alle som har studert hans politiske karriere. På sin CV kan han skryte av å tenestegjort som marinesoldat (og vi antar at han her stilte hovudet sitt til disposisjon som skjold mot slagvåpen), han har saksøkt guvernøren for å fremje slaveri (ved trafikkryss), og saksøkt strengt tatt halve Tennessee for det same. Han har retta opp eit flagg. Og han har stilt til val som guvernør tre gonger, statssenator fire gonger og ein gong til det amerikanske senatet. Kva meir kan ein vente seg av ein kandidat? Formidlingsevne? Karisma? Intelligens? Nei, sjå kor gale det går når ein satsar på slikt med Obama. Dette er den neste George W. Bush, dersom Bush var i mot slaveri ved trafikkryss.

Det politiske programmet til Basil Marceau (Dått kåm) er imponerande lesnad. Ikkje minst fordi det er umogleg å forstå, men det kjem klart fram at han tykkjer at slaveri ved trafikkryss er ein fæsleg ting. For dei som ikkje har tid til å lese heile dokumentet har han sørga for å gje oss ei solid oppsummering:

WHAT IMPORTANT:
1.Education
a. School violents
b. Add reading of the minutes to the U.S.Congress mandatory
c. Get more of the lottery money to 1-12
2.Equal Health care
a. a free gift program
b. take a look at and redo all mandtory insurance programs
c. See why dental is not in most plans a tooth aches hurt more than a back aches and no teeths depresses people
3.Citzens Safety+Citizens Constitution Rights
4.Improving Our Environment
5.Budget
6.Open doors more for Tn.food manufactures
7.My plan will give the state free gas for all governmental cars and trucks
8.Make the U.S. Flag in all state buildings and court fly right. if you fly a U.S.Flag you will fly it right
Kven kan vel eigentleg seie nei til eit slikt program? Og det seier ikkje stopp her veit de, han har òg særs sterke syn på våpenpolitikk i USA.



Kraftige ord der. Så får vi vone at nokon er i stand til å tyde dei.

Som ein "underdog"-kandidat er Basil Marceau (Dått kåm) sjølvsagt veldig opptatt av korleis amerikansk politikk er finansiert. Dette har alltid vore ein heit potet, og nyleg vart grensa for kor mykje eit selskap kan sponse ein kandidat med fjerna, då denne grensa visstnok var å avgrense ytringsfridomen til selskapa. Så kva har Basil Marceau (Dått kåm) å seie om temaet?



For å vere ærleg, så er vi frykteleg usikre på kva han seier om dèt. Men det inkluderar eit lokomotiv. Og vi diggar lokomotiv.

Tog er tøff-tøff-tøffe!

Så vi ønskjer Basil Marceau (Dått kåm) lukke til med kampen, og vi gjev han full støtte. Så lenge han lovar å kjempe mot slaveri (ved trafikkryss), og han gjer det med lokomotiv. Tøff-tøff.

6 kommentarer:

  1. Beklager, men etter å ha sett John Cleese klarer jeg ikke å ta noen med navnet Basil alvorlig.

    SvarSlett
  2. Kva?! Du må jo ta Basil Marceau (Dått kåm) alvorleg! Ein sann folkehelt i politikken!

    SvarSlett
  3. Så eg bør ikkje fortelje deg at han har ein son, og at han har involvert seg i lokalpolitikken?

    SvarSlett
  4. Man kan jo håpe at eplet triller langt vekk fra stammen. Faktisk vil jeg her oppfordre til epleslag.

    SvarSlett
  5. Kanskje han er like bra? Eg har programmet hans her, og det ser lovande ut. Skal ta eit djupdykk i det seinare ;-)

    SvarSlett