onsdag 11. august 2010

Desse unemnelege folka...

Det er noko vi alle kjenner på oss, men som vi ikkje vil snakke om. Det er ikkje rett å snakke om det, det er ikkje høfleg. Ein skal jo ikkje snakke stygt om andre. Ein skal ikkje seie noko negativt om utsatte grupper i samfunnet. Det er simpelthen slikt ein ikkje gjer.

Ein skal ikkje innrømme at ein helst ikkje vil møte dei på fortauet. Ein vert nervøse, og føler ubehag. Ein går kanskje tilogmed over gata for å unngå det. I det minste vil ein ikkje møte blikket deira når ein smetter seg gjennom flokken. For dei er sjeldan einsame, det er alltid tre eller fire av dei på gatehjørnet som står og preikar i lag. Kanskje du er tynga ned av dårleg samvit, og du prøver å sjå dei i auga, men det går aldri. Det betrar ikkje samvitet ditt, og du klarar aldri å halde blikket der. Nei, for du er redd. Du vert redd av det du ser i dei mørke auga deira.

Betre er det ikke på butikken og andre stadar der gjerne hamnar bak dei i køen. Du lar deg sjølv irritere. Du veit du ikkje skal. Første steg er det generelle ubehaget du føler av å ha dei i nærleiken. Det neste er fordommane som snik seg inn, du forestiller dei som kriminelle, dei er tjuvar, der for å lage bråk. Irritasjonen når høgdepunktet når dei når fram til kassa og luka - dei klarar ikkje å gjere seg forstått på norsk, og forvirring oppstår. Papir vert knota med og mista, pengar ramlar til bakken og mynter vert telt opp ein etter ein.

For ikkje å snakke om kollektivtransporten. Her er dei alltid å finne. Dei forårsaker forsenkingar og generelt ubehag for alle passasjerane. Her er dei gjerne òg aggressive mot både sjåførar og passassjerar. Kor ofte har vi ikkje opplevd at særleg sjåførane får tilsnakk når han eller ho prøver å få dei til å oppføre seg? Kor ofte må ikke bussar stogge for å kaste dei av?

Og la oss ikkje ein gong byrje på lukta...

Du veit det er gale. Du veit du ikkje skal føle det slik. Men landet er fullt av narkisar og knarkerar, og dei er over alt. På gata. På butikken. I nabolaget der du bur. Dei luktar ille, og er innpåslitne. Dei er til skam for heile samfunnet. Og vi kan ingenting gjere med dei. Vi får heller ikkje lov til å seie kva vi meinar.

I motsetnad til all den driten innvandrerar, særleg muslimar, må høyre om seg sjølv. Særleg frå Oslofolk. Kva faen er det for noko? Skjerpings. I resten av landet veit vi kven som er landeplaga, og det er ikkje våre nye landsmenn, det er våre gamle.

6 kommentarer:

  1. Virkelighetsfjerne tulling.

    SvarSlett
  2. Anonym 1: Her driv vi ikkje med putting, det er'kje golf, men cricket vi driv med! Men takk ;-)

    Anonym 2: Er du? Då kan eg godt forstå at du vil vere anonym.

    SvarSlett
  3. Mullah da! Så herlig politisk ukorrekt du er! :)

    SvarSlett
  4. Definisjonen av politisk (u)korrekt er feilaktig. Det korrekte bør til ein kvar tid vere det eg meiner.

    Lyd din mulla!

    SvarSlett