tysdag 10. august 2010

Ein ukjend film i Star Wars-serien

Dei fleste med nokonlunde velutvikla smak likar Star Wars-filmane, i det minste dei tre som utgjer den originale trilogien. Dei same menneska vil uttrykkje ein viss forakt, om enn prega av galgenhumor, når det kjem til Star Wars Holiday Special, den heller spesielle TV-filmen satt til Star Wars-universet, som ingen vil vedkjenne seg. Som ein av dei som faktisk har sett denne filmen, meir enn ein gonger, forstår eg veldig godt kvifor Lucas & Co helst vil late som om den ikkje eksisterar, og eventuelt skyte dei som distribuerar dei kopiane av den som eksisterar. Det er i denne filmen alles favoritt dusørjegar, Boba Fett først dukkar opp, og skulle gjere folk spente på hans rolle i den komande Star Wars-oppfølgjaren The Empire Strikes Back.

Men kva om det fantes enno ein Star Wars-film, ein film enno færre kjende til og som introduserte ein heilt annan av dei ikoniske karakterane? Kva om 20th Century Fox ville fange eit svart urbant publikum med ein eigen film satt til Star Wars-universet som appelerte i større grad til dei? Det er her Frederick Jackson kjem inn i biletet, ein svart filmentusiast med ein idè, ein visjon om du vil, og ballane til å gjennomføre. Kan han faktisk ha klart å lage ein slik film? Det er det denne korte dokumentaren prøver å få svar på, og sjå alle delane før de ser den ferske godbiten eg har lagt ved til slutt.





Dette er jo banebrytande saker, ikkje sant? Og her er den beste delen - nyleg vart den originale traileren for Black Star Warrior funnen og restaurert. La meg presentere, Lando Calrissian slik han først vart visualisert.



Filmhistoria har aldri sett betre ut! Og jakta held fram på nye scener frå Black Star Warrior, følg med på www.LandoIsTheMan.com!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar