måndag 23. august 2010

Fornying av garderoba

Det er haust. Det er eit nytt semester. Nye studentar og nye utfordringar. Det skulle berre mangle at eg ikkje òg fornya meg sjølv! Ein frisk start! Ein ny giv!

Som føglen føniks må ein stige på ny ut av aska, som eit nytt og betre menneske, klar som eit egg. Fersk som eit gulpande speborn!

Og ein slik metafysisk nyføding, må ein komplementere med ein parallell reell og materiell nyføding. Ein må konkretisere den nye given, den nye starten, det nye semesteret på eit fysisk vis. Og korleis betre gjere det enn å sprite opp garderoba litt? Nye klede på kjøpast inn.

For ein stilfull mann som meg sjølv, som sett den gode smak, danninga og presentabilitet i førarsetet. Ein ekte mulla er ein gentleman, og må kle seg deretter. Stilreint og elegant er stikkord. Modent og evigvarandre. Det er "moteuttrykket" som ein satsar på.

Dette er sjølvsagt ikkje lett i dagens samfunn. Dominert som det er av dongeri- og joggebukser, onepiece og crocs. Likevel er det eit verdig tiltak å kle seg etter sin stand, om ikkje over. Å kle seg så pent at ein aldri treng å beklage sin utsjånad. Å kle seg med respekt for dei menneska ein møter. Å kle seg på eit vis som uttrykk det danna mennesket ein er.

Difor vart eg veldig glad då eg endeleg fann det perfekte haustantrekket online.
Så no er eg klar for hausten folkens! I likskap med alle gutar frå 3 til 12 år, som snublar over denne sida.

4 kommentarer:

  1. Nydelig!! Men jeg klarer ikke å bestemme meg for fargen. ;(

    SvarSlett
  2. Gleder meg til å se deg i den. Nytt undervisnings-outfit?

    SvarSlett
  3. Den som studerte i Bergen, du...

    SvarSlett
  4. Svein: Du går aldri feil med lilla.

    Kristine: Jupp. Må gå foran som godt førebilete for studentane mine.

    Hege: Ja, det er ein finfin studieby.

    SvarSlett