måndag 9. august 2010

Løyndomar og ein pris.

I serien "Mulla bablar om ting ein viss Bjørkelo har forfatta" er tida komen for eit par nye steampunkrelaterte godsaker.  La oss byrje med at Londons mange løyndomar vert avsløyrd i Faces in the Smoke vol 1: The Secret Masters som no er tilgjengeleg gjennom mellom anna Outland og forlagets nettbutikk. Boka dekker dei mange løyndomsfulle grupperingane og brorskapa som gøymer seg i bak kulissane i London, og inneheld eit par ukrediterte bidrag. Deriblant ein orden som vil vekke på ny dei gamle Gudar og attreise deira hegemoni. Samt ei innføring i frimureriet, utan konspiratorisk dill og dall. Her er det reine fakta om det britiske frimureri, frå dets sagnomsuste byrjing til opprettinga av the Unified Grand Lodge of England. Alt saman pakka og klart til bruk for Victoriana 2nd edition, steampunkrollespelet alle bør ha.

Og apropos dette spelet, så var det blant dei nominerte då ENnie-prisen skulle delast ut på GENcon i Indianapolis denne helga. Victoriana 2nd edition, som er dels forfatta av denne Bjørkelo, var nominert i kategorien for beste forfattarskap, blant mange andre verdige bidrag. Det er ikkje med lite glede at ein på laurdags morgon kunne motta nyhenda om at Victoriana 2nd edition vann sølv-ENnie for "Best Writing". Dette kan de sjølvsagt feire ved å kjøpe boka, og resten av serien. Fleire er under produksjon i skrivande stund, så det er berre å stålsette dykk for nye eventyr i Londons tåkefullte gater. Og du er helten.
Kva ventar du på? Spring og kjøp!

2 kommentarer:

  1. Wohoo for Victoriana og Bjørkelo!

    Det er faktisk ei riktig fin bok. Spanande, interessant, morosom og full av fantasi og gode idear.

    Og det frå ein som faktisk har lest heile greia!

    SvarSlett
  2. Tenkje seg til at nokon faktisk har lest heole greia ;-)

    SvarSlett