onsdag 25. august 2010

Multitalentets pytt-i-panne!

Eg har ein gong tidlegare i denne bloggen presentert dykk for det politiske mulitalentet Heidi Aleksandra Olsen, som har store planar om å verte president i Noreg og å rydde opp i all fattigdom og naud i verda. Ho veit korleis dei svoltne har det, veit du, for det er ikkje alltid ho kan sminke seg som ho vil. Og det er vel mykje det same? Etter den tid har ho stadig dukka opp i underlege situasjonar, gjerne der ho kritiserar andre for sin utsjånad og mangel på tre lag med brunkrem. Dette er ei jentunge som har så mykje for seg, og som seier så mykje interessant, at det er for mykje av det gode. Det vert simpelthen så mykje du har lyst til å seie, at det vert tyst. Alle orda samlar seg opp i ein kjedekollisjon ein stad i hjerna di.

Difor vart eg ikkje reint lite glad, då eg oppdaga at nokon for eit halvtår sidan hadde samla opp nokre av perlene i ein video. Så her er den, kos dykk.

Vi er sjølvsagt heilt i mot mobbing av slike geni. Lover.

5 kommentarer:

  1. waaaaahahahahahahahhahahaaa

    *grine av latter*

    SvarSlett
  2. Godt å høyre at ho ikkje har tenkt å endre seg med det første og fortsette å vere seg sjølv. We loves it!

    SvarSlett
  3. Blinky: Og verda grin med deg.

    Bad Mynock: Nei, den brave Heidi Aleksandra vil nok halde stand. Det har jo òg gjort klart i lesarbrev til Aftenpoften.

    SvarSlett
  4. hm...lurer på hvordan foreldrene er

    SvarSlett
  5. Foreldra er nok stolte... ho har jo vore i avisa!

    SvarSlett