måndag 30. august 2010

Pandaterror

Inntil vidare vil pandaar like å framstå som søte og hyggjelege dyr. Som fredelege og direkte nusselege jungelskapnadar som ikkje vil skade nokon. Men vi i motstdanden mot Pandamonium veit betre, og om ikkje noko vert gjort vil snart heile jordas befolking oppleve det blodige terrorregimets sanne natur på kroppen. På sine kontor:

På kjøpesenter!

Tilogmed på sjukehuset! Ingenting er heilagt!

Over alt vil dei breie seg, og forlange at vi - deira slavar, skal føye oss etter deira urimelege krav.

Vi må gjere kva vi kan for å hindre at dette hender! Vi må gjere motstand! Vi må ha klart for oss at pandaen er ein tyrann! Eit motbydleg vesen! Og ikkje eit søtt og godsleg dyr! Og utan oss er dei berre patetiske kryp, for som dei fleste tyrannar er dei hjelpelause utan sine undersåttar!

Ha dette i minnet når du legg din støvel mot deira hals, og rifle mot deira panne! Vi skal sigre over Pandamonium! Terrorregimet vil aldri kue oss!

2 kommentarer:

  1. Panda er bra. Panda er både sort og hvitt. Liksom begge deler. Fantastisk.

    SvarSlett
  2. Hadde eg ikkje visst betre, frøken, så hadde eg trudd at du var spritfylla no. Du kan vel ikkje påstå at pandaar er bra etter alle dei prova på det motsatte eg har presentert? Vend om kvinne! Før det er for seint!

    SvarSlett