torsdag 19. august 2010

Passfoto er ikkje lett, nei!

Det stilles ganske så mange krav til det perfekte passbiletet, og det er ikkje alt som kjem gjennom nålauget hjå politiet. Her skal ein vere varsam med bekledning, brillar og frisyrar. Sjølv ein vakkar skjeggpryd må ein vere varsam med i nokre omstende. Du må hugse å sjå rett i kamera, og du må ikkje blunke. Du skal heller ikkje smile for mykje, men det er heller inga gravferd. Og kameraet, ja, det må ha ein bein vinkel - nokre skeive kunstverk er ikkje av interesse for ordensmyndigheita. Og la oss ikkje gløyme at biletkvaliteten må vere god. Ditt gjennonsnittlege mobilkamera er nok ikkje bra nok, og du ska vere varsam med eldre kamera og fotobokser. Resultata kan vere så som så, og misfargingar på biletet er ikkje noko ein vil ha.

Det opplevde nyleg ein amerikansk statsborgar, då passfotoet han ville ta i bruk viste seg å ha eit heftig gult skjær, som måtte avvisast. Biletet vart sendt i retur i lag med avslagsbrevet, med klar instruks om å prøve på ny. Trykk på biletet for å lese brevet i sin heilskap.

Betre lukke neste gong?
(Via I am bored)

9 kommentarer:

  1. Tyven! Den linken fikk du fra meg din snik! ;)

    SvarSlett
  2. Ja, men i motsetnad til deg, så vågar eg å offentleggjere godsaka ;-)

    SvarSlett
  3. Ja, det er forstemmande vanskeleg dette med pass ;-)

    SvarSlett
  4. Sist jeg fornya passet, mente de hårfargen ikke lenger var mørk blond, men grå!! Diskriminering av spreke menn i sin beste alder, mener nå jeg!!!

    SvarSlett
  5. Det er det jeg sier: Gult er ikke bestandig like kult!

    SvarSlett
  6. *knehehehegg* Det der er skikkelig "messed up"! Kan det være en fetter av mr Basil dått kåm som har gjort dette?

    SvarSlett
  7. Svein: Slikt må du ikkje akseptere! Protester! Høglytt og fysisk!

    John: Det var kult for meg ;-)

    Undreverset: Næææh. Er berre god gamaldags sakshandsaming. Det er det verda er bygd på.

    SvarSlett