onsdag 18. august 2010

Sionistballongar

"The first sentence will be that the Jewish family is the ultimate response to the Western crisis of isolation and lack of affection."
Den unge sionisten er klar på kva den objektive, leksikale definisjonen av det jødiske ekteskapet er etter å ha vore på Wikipediakurs. Om kanskje ikkje forståinga av leksikonartikkel er det dei tar med seg frå kurset, så skal ein ikkje kimse av den brennande ivaren kursdeltakarane har hatt. Kven bryr seg vel om objektivitet når sionismens kamp for hegemoni i midtausten no skal utkjempast i "flame-wars" på Wikipedia.

Den som klarar å sabotere flest artiklar med å propagandere vinn ein tur i ballong i Israel, ein sionistballong, sponsa av to sionistiske organisasjonar, melder Haaretz.

Initiativtakarane til kurset og konkurransen over at Wikipedia ikkje fremjer deira sak, og at dette skadar Israels omdømme internasjonalt. Så dette skal dei kontre med utsegn som dette over.

Eg veit ikkje om dei har fått med seg dette, men dei som held kurs i å skrive Wikipedia-artiklar burde kanskje tenkje over at det ikkje hjelp sionismens omdømme å starte kampanjar for å sabotere artiklar med grunnlause påstandar av typen over. Om resten av redigeringane dei planlegg er av same type, vil dei nok verte kjapt redigert ut av dei øvrige redaktørane.

Så får dei vel heller berre klage over at verda er i mot dei. Objektivitet og leksikale sjangarkrav er i mot sionismen. Stakkars.

Men for all del, kva gjer ein ikkje for ein ballongtur over Israel... lurar på om eg skal bli med.

6 kommentarer:

  1. På den ene siden etterettelighet, integritet og moral. På den andre siden en ballongtur! Enkelt valg.

    SvarSlett
  2. Ja, ikkje sant? Om eg vinn skal eg ha på meg flosshatt heile turen! WHEEEE!

    SvarSlett
  3. Det har (tidvis berettiget) blitt sagt om palestinerne at de er
    "their own worst enemies".

    Dette gjelder tydeligvis israelerne også.

    SvarSlett
  4. Sionistane treng kanskje eit par eksterne rådgjeverar til å gje dei PR-kurs. Ikkje interne kurs i Wikipediaredigering.

    Aldri forstått kvifor nokre grupper vel å drite på leggen gong på gong. Er det så gøy?

    Ikkje så gøy som ballongtur trur eg. WHEEE!

    SvarSlett
  5. Som i: "Om ein palestinar døyr på gata, og ingen journalist er i nærleiken, var det då eit drap?" ;-)

    SvarSlett