søndag 1. august 2010

Trollmannens læregut

Eg har vore og sett film i helga, og eg føler eg må forklare kvifor. Først kom Goethe, den tyske Gaute, med diktet Der Zauberlehrling, Trollmanens læregut, eller The Sorcerer's Apprentice om du vil på engelsk. Diktet, truleg delvis inspirert av greske Philopseudes, fortel om læreguten til ein trollmann, som vert etterlatt åleine med oppgåve om å gjere reint. Han nyttar magi for å få koster og kluter til å jobbe for han, men det går sjølvsagt gale. Historia vart seinare gjort om til eit symfonisk dikt av Paul Dukas, som i neste omgang forma basis for Disney si filmatisering av den i Fantasia (1940), og seinare i Fantasia 2000.

Lite med dette å gjere har Hanns Heinz Ewers, som i 1910 gav ut sin debutroman med namn Der Zauberlehrling. Ei fabelaktig soge som absolutt er verdt å lese, og som er tilgjengeleg i ei engelsk omsetjing. Boka introduserar den djevelske Frank Braun, ein mephisto-aktig karakter som manipulerar, for moro skuld, eit lite religiøst samfunn i Italia. Dette har absolutt ingen ting med saka å gjere, anna enn at den berer same namn som vårt tema, og er høgt på lista over dei beste romanane ein har lest her i moskeen.

Det nyaste skaparverket som berer tittelen Trollmanens læregut, er frå Disney, er produsert av Jerry "Big Explosions" Bruckheimer, og har Nicholas Cage i hovudrolla. Alt er på plass for ein real katastrofe av ein film. Men då eg hadde fått gratisbilettar til premieren, og allereie hadde fått med meg at dei ville attskape scenene frå Goethe og Fantasia (med Paul Dukas sin musikk). Så dette ville eg sjå.

Filmen byrja, som filmar flest, med litt vel mykje bakgrunnsforteljing for at vi ikkje skal miste heilt tråden (vi er trass alt dumme i 2010), og creditsane i byrjinga av filmen gav oss det første teiknet på at dette ville gå gale. Ei lang liste over "manusforfattarar". Det er ei kjensgjerning at jo fleire kokkar, jo meire søl, og dette gjeld òg i Hollywood, der eit godt manuskript gjerne må gå gjennom ganske mange hender før det vert akkurat flatt og meiningslaust nok for at produsentane vil gå god for det. Dette er sjølvsagt òg tilfelle med denne filmen. Filmen er formulaisk nok; for fleire mannsaldre sidan kjempa snille Merlin mot slemme Morgana, ein av hans lærlingar var snill, og ein av dei var slem og forrådte dei. Merlin døyr og slemmingane vert fanga i eit fengsel, og det vert spådd at nokon skal ta Merlin sin plass i framtida og gjere slutt på slemmingane. Hopp fram til 2000 og deretter 2010, snill nerdete gut med jentetrøbbel er den utvalte, og må motvillig lære seg magi og i løpet av nokre få økter vert han verdas mektigaste magikar akkurat i tide til å redde verda. Hurra.

Ikkje originalt for fem flate ører. Og akkurat det ein hadde venta seg når ein gjekk inn i salen. Eg hadde simpelthen forventingar om at det ville verte ein smertefull filmoppleving, og difor er det alltid ei gledeleg overrasking når det viser seg at filmen er middelmådig! Det vert faktisk rett så artig med middelmådige filmar no om dagen, og eg var underhaldt heile vegen, sjølv om eg ikkje vart utfordra. Lo gjorde eg òg. Ganske så mykje til tider, med både henvisingar til Magic: The Gathering og 777. Ja, nokre godbitar tydar tilogmed på at ein av dei mange manusforfattarane som var innom faktisk kunne noko om okkultisme... ikkje mykje, men noko var det no både her og der. Overskugga sjølvsagt av populærkulturelt tøv og sludder i rikeleg mon. Om eg skulle samanlikne det heile med noko? Neverending Story. Ja, eg veit, eg tråkkar på ein del tær, men det er mykje av det same dette. Og så flyr dei på umoglege, svære dyr. Og det er alltid kult. Eg trur det var det som gjorde det. Det og ryggsekken til gutungen i 2000.


Så no lurar de sikkert på korleis de vart med vaskescena. Var eg nøgd? Ja, må jo seie det. Dei klarte faktisk å attskape Disneysekvensen med mykje av sin sjarm. Det skal dei ha.

Og forresten, jo mindre vi seier om skodespelarprestasjonane, jo betre. Nicholas Cage har blitt så dårleg etterkvart at det er morosamt i seg sjølv. Og sjølv ikkje Alfred Molina kan redde denslags.

Så, der har det dèt folkens, litt om Trollmannens læregut, og mine inntrykk av den siste versjonen. Bør du springe å sjå den? Det veit eg verkeleg ikkje. Ikkje om du er kresen på filmane dine. Om du keiar deg og berre vil kaste vekk tid, så gå gjerne. Har du lite pengar? Spar dei til Tron: Legacy. Det er mitt store von for filmåret 2010.

6 kommentarer:

  1. Du skal ha for at du disser Nicholas Cage. Nooooo! Not the beeees!

    SvarSlett
  2. *grøsse* Ikkje minn meg på det :-S

    SvarSlett
  3. Jeg likte Nicholas Cage veldig godt i Birdy, selv om Matthew Modine var bedre på alle måter, men etter det?
    Nå orker jeg ikke flere filmer med han, han har bare ett ansiktsuttrykk, (plaaaget/bekymret), men jeg skal revurdere boikotten hvis de putter han, Keanu Reeves og Harrison Ford i samme film. Det kunne jo blitt litt artig.

    SvarSlett
  4. Øy! Var det eit forsøk på å kødde med Keanu Reeves?! FY!

    SvarSlett
  5. Jeg så denne filmen i forgårs. Er enig med deg på de fleste områder. Filmen hadde riktignok noen stor revolusjonære elementer:

    1. Når så vi sist en film der helten og heltinnen faktisk stoler på det de sier til hverandre og ikke beskylder hverandre for løgn hele tiden?

    2. Og når opplevde vi sist at ikke helten i krysspress brukte halve filmen på å dille frem og tilbake med sine egne følelser (skal/skal ikke)?

    Dette gjorde at det ble færre dødpunkter og reddet filmen for min del. Men den er fortsatt middelmådig.

    SvarSlett
  6. Heilt klart, filmens redning var mangel på dødpunkt. I ein god film er det ein fordel å få ta del i berg-og-dalbanen som er hovukdkarakteren sitt sjelsliv... men i middelmådige filmar som dette er det ei velsigning å verte spart for det.

    SvarSlett